Beta
Søket ga 631 treff.
Jon Georg Dale
2018-05-28 19:02:42

Forsøk på ærlig arbeid! Driv å demonterer eit skap, og er veldig spent på kva tid eg kjem til å få bruk for blyanten eg i kjent stil har plassert bak øyret! Gammal vane er vond og vende! 😂

Jon Georg Dale
2018-05-25 17:17:55

Det er stort potensiale for å auke verdiskapinga og få fleire arbeidsplassar i hestenæringa og -sporten. Derfor har regjeringa, i lag med hestenæringa lansert ein ny nasjonal rettleiar for hest. Eg vonar denne rettleiaren vert eit verktøy både for kommunane og aktørane i hestebransjen, for meir satsing på hest. Les meir her👇🏻🐴🤠

Jon Georg Dale
2018-05-24 09:29:29

Dei siste åra har denne kalkulatoren frå Norges Bondelag blitt lagt ut så snart statens tilbod har kome. I år såg vi ikkje noko til den, truleg fordi mange bønder kom betre ut med regjeringas tilbud enn med jordbrukets krav . No er imidlertid jordbruksavtalen, og dermed også kalkulatoren på plass. Det er eg glad for. No kan du dermed regne ut korleis ditt gardsbruk kjem ut med årets jorsbruksavtale:

Jon Georg Dale
2018-05-20 20:52:52

Det er mykje rart Ketil Solvik-Olsen klarer å lure meg med på. 34 års dagen skal eg no feire på eit sykkelsete mellom Lillehammer og Oslo. #Midtlivskrisakomtidlig 🚴🏻‍♂️ Heldigvis i ferd med å mobilisere eit stødig lag med hjelperyttera 🚴🏻‍♂️

Jon Georg Dale
2018-05-19 14:18:38

Bergens Tidene har rett i at Vestlandsbonden er den store vinnaren i år. Jordbruket skal ha ros for å ha komt regjeringa i møte på denne satsinga. 🐑🐖🐂🐓🥦🍅🚜

Jon Georg Dale
2018-05-17 15:22:38

Gratulerer med dagen! 🇳🇴🇳🇴🇳🇴

Jon Georg Dale
2018-05-16 22:21:25

Dei siste dagane har det vore mykje arbeid og lite søvn. No er jordbruksavtalen i boks! Styrka kornøkonomi, satsing på frukt-og grønt, løft for vestlandsbonden og betra muligheiter for marknadsbalanse! Litt dyrt for skattebetalerane, men godt nøgd! 🚜🐑🐂🐓🐖🥦🍅

Jon Georg Dale
2018-05-16 18:53:59

Avklaringar i jordbruksforhandlingane kl. 20:00, saman med leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes og leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Merete Furuberg.

Jon Georg Dale
2018-05-16 18:37:43

Avklaringer i jordbruksforhandlingene kl. 20:00. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale er til stede, sammen med leder i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes og leder i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Merete Furuberg.

Jon Georg Dale
2018-05-15 18:15:00

Det er gjort ein formidabel jobb for å hindre at den dødelege hjortesjukdommen CWD sprer seg. Men jobben er ikkje ferdig, derfor aukar regjeringa løyvingane til Mattilsynet med 15 millionar, for å hindre at fleire dyr vert smitta av CWD. Les meir her: regjeringen.no/15millionarCWD

Jon Georg Dale
2018-05-12 15:09:19

Her er min apell under gårsdagens bygdepride! Lykke til med resten av arrangementet, no vender eg tilbake til jordbruksforhandlingane 🤠🐑🐖🐂🍅🥦🚜

Jon Georg Dale
2018-05-11 21:31:58

Bygda er for alle! Det viste vi i dag når vi gjekk #bygdepride i Volda! Takk for at eg fekk lov å ta del! I dag er eg rett å slett stolt av heimplassen min!

Jon Georg Dale
2018-05-10 22:06:12

I morgon reiser eg og Trine Skei Grande heim til Volda for å delta på Bygdepride! I det høve har vi sendt denne helsinga på førehand. Rundt om i verda kjempast det mange fridomskampar, ein av dei viktigaste er retten til å få være seg sjølv! Det er ein rett det er verdt å kjempe for. Difor går eg i tog under regnbogeflagg i morgon! ❤️🧡💛💚💙💜Les helsinga her: https://www.morenytt.no/incoming/2018/05/10/Pride-–-i-kjærleikens-namn-16673085.ece

Jon Georg Dale
2018-05-09 12:30:51

I landbrukspolitikken er det einskilde mål som vert trekt fram oftare enn andre. Dette er imidlertid ei oversikt over målstrukturen i landbrukspolitikken. Statens tilbod i jordbruksforhandlingane skal altså forsøke å finne balansen mellom alle desse måla.

Jon Georg Dale
2018-05-07 19:19:27

✔️Større utvalg ✔️Meir norskprodusert ✔️Trygge arbeidsplassar ✔️Nye muligheiter i distrikta ✔️Mat og drikkekultur

Jon Georg Dale
2018-05-07 18:02:51

Jordbrukets organisasjonar har no varsla at dei ynskjer å forhandle med staten om ein jordbruksavtale for 2019. Forhandlingane startar i morgon kl. 12.00 Staten har alltid som mål å få til ein jordbruksavtale. Difor strekte ein seg langt når ein la fram tilbodet til jordbruket på fredag.

Jon Georg Dale
2018-05-06 14:29:34

Inntektsutvikling for bønder og lønnsmottakarar dei siste 4 åra. Altså før forslaget frå Staten til ramme for neste år. Grøn linje viser at inntektspotensiale i jordbruket er vesentlig betre om ein får kontroll på overproduksjon og klarer å halde kostnadane nede.

Jon Georg Dale
2018-05-06 11:48:28

Kva er jordbrukets største utfordring for tida? Denne grafen viser at marknadsinntektene har gått ned med 1,4 mrd. Frå 2015-2018. Dersom ein med bruk av for store tilskot stimulerer produksjonen vil det altså medføre at pengar frå statsbudsjettet fortrenger pengar frå marknaden. Bondens inntekt blir ikkje betre av det. Difor prioriterer staten produksjonar der det er etterspørsel i sitt tilbod, medan ein held tilbake pengar der det vil forsterke ubalansen i marknaden.

Jon Georg Dale
2018-05-05 08:30:42

Lurer du på korleis inntektsmuligheitene ser ut for bøndene i statens tilbud? Her finn du det. Lesehjelp: kolonna som heiter 2019-2018 viser endring i inntektsmuligheit for ulike bruk fra i år til neste år. Kolonna som heiter 2019-2016 viser endring over dei tre siste jordbruksoppgjera og viser slik endring over tid. Kolonna som heiter 2019 viser inntektsmuligheiter for bøndene i ulike produksjonar pr årsverk. Den kolonna kan du multiplisere med kolonna som heiter årsverk, då får du inntektsmuligheitene pr. Bruk. Dette viser altså ikkje berre overføringar, men også inntekter frå marknaden.

Jon Georg Dale
2018-05-04 22:22:12

Staten har i dag lagt fram sitt tilbud til jordbruket. Det har ei ramme på 1 mrd kroner. Staten legg opp til å styrke distriktsprofilen i melk og kjøtptoduksjon, betydeleg betring i kornøkonomi og i frukt- og grøntproduksjon. I tillegg imøtekjem staten jordbruket sitt krav om betre velferdsordningar. Vestlandsbonden får ei vesentleg styrking og melkebruk mellom 15- 30 kyr blir sterkare prioritert enn før. Klima- og miljøprofilen vert betra. No vurderer jordbruket om dette gir grunnlag for vidare forhandlingar. Vil du kunne gjere deg opp di eiga oppfatning av tilbudet ligg det ved i linken under. Endringar framkjem primært i...

Laster...
Laster...