Beta
Søket ga 479 treff.
2020-07-17 13:24:12

Eg laga blodpannekaker for første gong i går kveld. Dette var ein av favorittane mine som lita😊 Generasjonane før oss lærte seg å laga gode måltid av innmat og blod, og det er viktig å forvalte slike tradisjonar også i tider med meir velstand. Takk til Sylte gårdsslakteri som forsynte meg med svineblod! Det vart godt😊 # tradisjon

2020-06-15 12:49:15

Vakre klokker med DEN nydelege lukta! #liljekonvall #barndomsminne

2020-06-01 11:07:39

I Oslo er det mange fine overraskelsar når ein ruslar rundt! #oslo #oslobilder

2020-05-25 22:19:44

Utsikta innover dalen frå småbruket og røykeriet der eg vaks opp, ca 1990. Østbødalen❤️

2020-05-10 22:25:53

Vår i vinterleg pryd. #mai

2020-05-02 15:07:22

Rusky er veldig kosete sofagris i dag😊

2020-04-20 22:32:56

Har takka ja til fire nye år på #stortinget i dag dersom partiet og veljarane vil ha meg. Men innser at det er ein sær person eg må selje inn😂 Her sit eg med briller som skal hindre for mykje blått lys fordi eg har for mykje energi på kveld, og ser ein tysk film med tysk tekst og noterer interessante setningar. Jaja, men triveleg er det i stua😄

2020-04-17 22:46:33

# slottsparken i dag. Vakker vår!

2020-03-29 18:24:45

Her kjem eit trimtips i form av ein dansevideo. I alle fall sømmeleg påkledd😄 Tipset gjeld ein artig aktivitet som passar rett utanfor huset om ein ikkje har naboar - eller om ein gir blanke i om naboane lurer😂

2020-03-28 19:37:19

Galskapens #hårsveis etter at sambuaren fletta det nyvaska håret mitt fredag kveld😂

2020-03-28 12:47:42

Endeleg helg, juhuuuu😂 Sambuaren fletta det nyvaska håret mitt i går kveld og no er resultatet klart - det må bli heimeparty🤩😅

2020-03-25 19:50:58

Rennande vatn er noko av det finaste eg veit, og det fungerer som oppmuntring når det trengst. Deler denne med andre som kanskje treng litt oppmuntring no om dagen. Sjå kor vakkert vatnet renn, og tenk på at regn kan forårsake slikt😊

2020-03-15 13:15:28

Ikkje noko er heilt daglegdags i desse dagar, men her er i alle fall eit heilt daglegdass.

2020-03-13 17:53:02

Vakre #nordmøre - og vakre landet vårt! Ønskjer alle ei god helg i ei krevjande tid. Vi får ta godt vare på oss sjølve og våre næraste og vise omsyn til folk rundt oss💛

2020-03-13 15:42:42

Eg kom heim til ein ellevilt glad hund i går kveld. Her ber han pent om eg vil leike med han og bamsen hans. Supersøt sjølvsagt😂

2020-02-28 12:44:39

Sak om ideen min i Tidens Krav i dag. Det bør vera mogleg å levere ei forenkla reiserekning for sjukehusbesøk o.l. på dei betalingsautomatane vi uansett bruker der. I tillegg bør nettløysinga forenklast. Ja, det vil sikkert koste staten meir pengar når fleire får levert reiserekning for helsereiser i tide, men dette er pengar folk har krav på. Så eg håpar på positivt svar frå helseministeren😊#forenkling

2020-02-21 16:56:39

Naturen har leikt seg og rulla snø😊

2020-02-16 19:28:47

Godhunden😍 Litt skeptisk til fotograferinga😂

2020-02-09 09:17:29

Flotte Geiranger! #hoteluniongeiranger Fylkesårsmøte Senterpartiet🍀

Laster...
Laster...