Beta
Søket ga 308 treff.
Olve Grotle
2023-10-10 11:33:02

Starta dagen med denne nordfjordingen på politikar-pich for gründerar hos Virke. Stats-budsjett, næringspolitikk og gründerpolitikk😊

Olve Grotle
2023-10-06 15:06:24

Slik ser det ut når eg er i studioet til NRK og snakkar om regjeringa sitt framlegg til statsbudsjettet. Sjølv om eg smiler, etterlyser eg ei regjering som peikar ut ein stø kurs der vi kan tette det generasjonsgapet som er i ferd med oppstå, kor dei unge blir taparane. Vidare at det svarar på framtida sine utfordringar. Det gjer ikkje statsbudsjettet. I staden er det eit budsjett for gårsdagen. \n\nEtter meg kom leiaren i Musea i Sogn og Fjordane, Jan Heggheim som er skikkeleg misnøgd med budsjettet😡 Etterpå kom Vestlandsrevyen, og ville høyre meir frå Heggheim🎥

Olve Grotle
2023-10-04 16:39:09

Då er trontaledebatten godt i gang. To dagar med innlegg og replikkar frå morgon til kveld, der dei fleste politiske tema blir debattert😊

Olve Grotle
2023-10-03 16:37:00

Flott og høgtidlege opning av det 168. storting😊

Olve Grotle
2023-09-26 17:19:43

Godt arrangert og interessant sjømat-konferanse på Raudeberg. Tema i år er fiskeri- og havbruksnæringa i framtida. \n\nNæringane har eit stort potensiale for (grønn) utvikling og vekst, men i dag ligg det alt for mange hindringar i vegen for å kunne realisere det.

Olve Grotle
2023-09-25 16:45:44

Her blir det produsert to vogntog med laks kvar dag💪\n\nBesøk på havfarmen «Jostein Albert» hos Nordlaks i Hadsel kommune i Nordland. \n\nAnlegget ligg omlag 5 km frå land, er nesten 400 meter langt, har kosta 1,7 mrd, og har ein kapasitet på 10 000 tonn laks. Imponerande greier😊

Olve Grotle
2023-09-21 08:30:28

Kraft i Vest🔌💪10-årsjubileum til energi- og næringskonferansen på Sandane. Temaet i å er “Tid for handling". Korleis nå målet om ei fornybar framtid raskt nok🔋?

Olve Grotle
2023-09-12 13:30:00

Valvinnarar som er kjepphøge er ikkje noko vakkert syn. Derfor er eg glad for at eg har ein sjef som feirar med måte, skryt av dei gode valresultata til samarbeidspartia, og behandlar partia som har tapt med respekt.\n\nDet synest eg både er klokt og sympatisk, og noko demokratiet vårt òg tener på🙏\n \nHøgre har gjort det veldig godt i valet. Vi er det største politiske partiet i Norge, og vi ser òg ut til å få god politisk utteljing i forhandlingane rundt om i landet😊 Det er det lov til å glede seg over, og ikkje minst er det grunn...

Olve Grotle
2023-09-09 13:40:00

Sluttinnspurt💙 Bremanger med lettsalta torsk og litt 🍷i kveld 🙌 God helg til alle😊

Olve Grotle
2023-09-08 11:46:23

Verdas fremst miljø for torske-oppdrett finn ein i Florø👌 Havlandet blei etablert i 2001, og har lang erfaring med landbasert oppdrett av torsk og yngel av høg kvalitet. Nå er selskapet i gang med 8. generasjon torsk, som kan gå frå yngel til 4-5 kilo på under 18 månader.\n \nUtviklinga selskapet har hatt og dei store investeringane som er gjort dei siste åra er rett og slett imponerande💐 Og det stoppar ikkje der; planane framover og investeringane som skal gjerast, kan ta pusten frå kven som helst. Eit stikkord er fersk, sunn og velsmakande torsk året rundt!\n \nPå de store...

Olve Grotle
2023-09-07 19:48:46

Florø😊💙

Olve Grotle
2023-09-07 16:38:15

Dette var kjekt og viktig😊 Eit steg nærmare bygging av skipstunnell. Nå får vi berre håpe at anbodet ender i eit vedtak om bygging.\n\nGratulerer til dei som har stått for dette viktige samferdsle-, næring og sikkerheitprosjektet; aksjonsgruppa for Stad skipstunnel/Stad Ship Tunnel og alle andre💐

Olve Grotle
2023-09-06 15:18:34

I dag har eg stemt. Det håper eg du òg gjer😊\n\nEg har stemt på dei dyktige og engasjerte politikarane i Høgre, og meiner Sunnfjord kommune og Vestland fylke er best tent med Høgre sin politikk💙\n\nVi er heldige som har frie og demokratiske val. God val!

Olve Grotle
2023-09-05 21:32:12

For ei generalprøve🤩💙

Olve Grotle
2023-09-05 17:51:23

BlueFish i Ålesund. Nasjonal og internasjonal arena som samlar aktørar i fiskerinæringa. Debatt og bedriftsbesøk. Tid for litt valkamp med Monica Molvær - som eg håper blir ny ordførar i Ålesund - blei det også🧢😊

Olve Grotle
2023-09-04 19:30:10

Høgre-stand og påfølgande informasjons-møte om næringslivet i Høyanger😊\n\nGode og optimistisk orienteringar frå dei som så langt har hatt ordet, og det er mange bedrifter/aktørar som skal presentere seg:\n\n* Hydro Aluminium Høyanger\n* Høyanger Recycling \n* Statkraft\n* Refacture \n* Ortnevik tre/Fjordpanel \n* Osland Havbruk \n* Vest Resirkuleringssenter og Greenergy \n* Leira Næringspark \n* Per A Øren \n\nSamtidig som optimismen er stor, har beskjeden vore klar, særleg frå Hydro:\n\nSkal vi lykkast - ikkje minst med det grøne skiftet - må viktige rammevilkår og føresetnader kome på plass, her medrekna nok kraft til konkurransedyktige prisar.

Olve Grotle
2023-09-02 17:12:33

Klar for ei siste veke med valkamp💙 Sogndal Høgre skal stå på heilt til sluttsignalet går🧢💪

Olve Grotle
2023-09-02 12:51:54

Hyggeleg prat med vikjer😊 💙Besøk og omvisning i Vik fengsel. Sognebygda har hatt fengsel heilt tilbake til 1860, men har nå ein god og moderne institusjon til å løyse dei viktige samfunnsoppdraga sine.

Olve Grotle
2023-09-01 18:48:21

Stand i Gaupne og dørbank i Sogndal.🧢 I morgon er det Vik😊

Olve Grotle
2023-08-31 14:56:29

Sognefjorden🙌 Heim frå havbyen Bergen. Havlunch og sjømatsamtale på Marine-holmen🐟🦞🦀

Laster...
Laster...