Beta
Søket ga 631 treff.
Jon Georg Dale
2021-02-15 21:56:43

Det er altså kjempebra at regjeringa vil la folk rå i større grad over eigen eigedom, men når dei først var i gang ville mitt råd være å la det offentlige halde fingane frå fatet... Sjå berre på denne forenklinga som regjeringa prisverdig no foreslår: "For mens du i dag må søke kommunen om tillatelse ved oppføring av terrasser som er høyere enn 0,5 meter over ferdig planert terreng, kan du med de nye reglene bygge terrasser som har en høyde på inntil 1,0 meter fra eksisterende terreng uten søknad." Du verden tenker kanskje du også, no blir det fart...

Jon Georg Dale
2021-02-15 12:28:09

Klimapolitikken, elektrifisering av sokkelen, høge straumprisar og kapasitetsproblem i nettet heng saman. Dei andre partia bør slutte å late som noko anna, og være ærlege om konsekvensane av eigen politikk! Det er derfor FrP seier nei til elektrifisering av sokkelen. Einig?

Jon Georg Dale
2021-02-14 18:01:24

Det er ikkje berre elbil-politikken som er avslørt, det er heile klimapolitikken. Når regjeringas anslag er at 9 av 10 nye bilar er elbilar i 2025, bør dei sjølvsagt ikkje plage folk med høgare bensin- og dieselpris og bilforbud! Men du trudde kanskje fakta kunne få Venstre til å snu? Lite tyder dessverre på det. Les under, og lik og del om du er einig med FrP!

Jon Georg Dale
2021-02-11 19:05:11

Arbeiderpartiet og regjeringspartia vil doble CO2-avgifta på norsk olje og gass. I dag forsøkte eg heile fire gongar å få svar på kva denne auka skatten på norske arbeidsplassar konkret betyr for kutt i globale utslepp. No sit eg her fleire timar etterpå og er framleis like vis.. Verken Arbeiderpartiet eller regjeringa kan nemlig svare! Høyr alt dette her.

Jon Georg Dale
2021-02-07 19:18:55

Norske «Ekspertar» og norsk presse er i gong igjen. Denne gongen på VGnett. No meiner disse «ekspertane» tydeligvis at dei er dumt av FrP å kjempe mot 5kr i auka bensin og dieselpris. Forklaringa deira er heilt oppsiktsvekkande. «Ekspertane» seier altså: kva hjelp det med billigare bensin når FrP har lagt ned bensinstajonanane i landet? Det tok omlag 10 sekund på google for å finne ut at påstanden er fullstendig feil. Det er fleire bensinstasjonar i Norge no enn i 2013, i den grad det er relevant. Sjå berre bilda under. Men slik held dei altså på. Journalisten stiller verken...

Jon Georg Dale
2021-02-06 09:24:51

Flyselskapa er i kneståande på grunn av Covid19. Tenk å då kome på den glupe ideen: Kva med å auke avgiftene kraftig då folkens? Kombiner det med at for kvart tonn kutt i CO2 norsk luftfart gjennomfører kan andre land auke sine utslepp tilsvarande, og det er endå mindre forståelig. Dyrare flybillettar i distrikta er det siste vi treng no. Derfor seier FrP klart nei til dette! Kva meiner du?

Jon Georg Dale
2021-02-05 21:41:29

I går tok Navarsete til orde for at Norge skal slutte å produsere olje. I denne saka seier ho: "Eg har ikkje fått kjeft av Vedum. Vi er ikkje usamde om målet (avvikle norsk olje), men har litt ulik retorikk". Så da veit vi det. Senterpartiet vil gi vekk oljepolitikken til SV og MDG for å skaffe seg makt, og arbeidsfolk må ta støyten. Utrulig skuffande! Del gjerne!

Jon Georg Dale
2021-02-05 10:50:55

God fredag! Gladnyheiter for alle som er opptekne av arbeidsplassar, industri og verdiskaping 😁

Jon Georg Dale
2021-02-03 18:59:03

Regjeringa må skrote planane om å innføre MDG sitt avgiftsnivå på norske arbeidsplassar. Vi treng fleire jobbar i Norge, ikkje utflagging av norsk industri!

Jon Georg Dale
2021-02-03 08:33:45

No er klimadebatten i ferd med å spore av. Arbeiderpartiet vil kutte norske utslepp på ein måte som er dyrare enn nødvendig, og gi vekk dei billige kutta til våre konkurrentar i EU! Vår jobb er å sikre arbeidsplassar i Norge, ikkje flytte industrien vår til utlandet. Har Arbeiderpartiet forlatt industriarbeiderane for godt?

Jon Georg Dale
2021-02-02 18:32:04

FrP er for ein politikk som gir nye jobbar, vekst og velferd. Ein klimapolitikk som gir næringsliv, eksportbedrifter og pendlarar ein dieselpris på over 20 kroner er imidlertid heilt uaktuell. Synd at Arbeiderpartiet er neste parti ut som kastar seg på avgiftsnivået til MDG! Einig?

Jon Georg Dale
2021-01-28 11:08:01

Stadig fleire vil avvikle oljeindustrien. Trur du dette får dei til å innsjå galskapen i eigen politikk?

Jon Georg Dale
2021-01-27 21:32:42

Når FrP sat i regjering gjennomførte vi tidenes satsing på samferdsel. Ny rapport viser at resultata er klart betre vegar. Er du einig med FrP at vi må fortsette å bygge landet? I så fall set eg stor pris på om du deler denne 👷🏼🚙🛣

Jon Georg Dale
2021-01-27 08:33:08

Først skulle dei legge ned oljenæringa, så skulle dei forby deg å bruke bilen og no skal dei bestemme kva du kan ha til middag. Dette er ingenting anna enn pur sosialisme forsøkt tilslørt med klimaargumentasjon.

Jon Georg Dale
2021-01-26 14:28:16

Hei Trygve! Eg har lært at når ein bommar er det lov å seie unnskyld, her var vi heilt på bærtur. Så no når dykk har sletta dokumentet som beviste at SP vil ha forbud mot diesel og bensinbil fra 2025, kan du kanskje forklare kva Senterpartiet eigentleg meiner? Det som dykk skriv i offisielle dokument, eller det du seier til avisene? Set pris på svar

Jon Georg Dale
2021-01-26 08:49:03

Hold på lommeboka folkens! Arbeiderpartiet og Venstre er i gang med å overby kvarandre i klimapolitikken. Det er du som kjem til å få regninga om denne gjengen får halde på...

Jon Georg Dale
2021-01-25 14:30:45

Du trudde kanskje Covid19 var blant våre største utfordringar om dagen? Eg og. Lite visste eg at Kongen i kortstokken klatrer for fullt på den lista... Veit ikkje om eg skal le eller grine 🤦🏻‍♂️😂🤷🏼

Jon Georg Dale
2021-01-23 15:43:18

Det er altså denne gjengen Ap samarbeider med i Oslo, og som dei og Sp vil være avhengige av om dei skal styre landet. Nei takk seier eg!

Jon Georg Dale
2021-01-23 11:21:58

Velkommen etter Bernie! Tenk at 2017 modellen av vottane frå Cecilie Nilsen (Årets unge bonde 2017) plutselig skulle bli ein slik hit! God helg 😀

Jon Georg Dale
2021-01-22 09:01:10

Lan og Raymond krev at alle kvitter seg med bilen sin, eg meiner det er betre å kvitte seg med byrådet! Oslo treng eit politisk skifte! Einig?

Laster...
Laster...