Beta
Søket ga 479 treff.
2021-05-04 21:31:41

Eg sørga i mange år over at eg aldri fekk piano som lita, og tenkte at det var for seint. Men som trettiåring lot eg det stå til og kjøpte meg eit gammalt piano og ei lærebok. Eg blir aldri nokon konsertpianist slik draumen var som lita. Eg begynte for seint og kan øve veldig lite på grunn av både tidsmangel og kranglete musklar. Men gleda er stor over kvart eit lite framskritt. Som no, når eg endeleg klarer denne lille snutten rimeleg feilfritt ein av ti gongar😅 #musikkglede #småframskritt

2021-05-04 13:23:33

Heilt grei utsikt frå kontoret😊 #stortinget #løvebakken

2021-05-02 21:31:59

Må innrømme at det er stor stas å finne boka mi i kioskhyllene på Kristiansund lufthamn Kvernberget 😍 @spartacusforlag #dønndistré #distré #boktips

2021-04-30 20:26:11

Triveleg fredagssyssel! Eg sit og signerer nokre haugar med bøker som ei bedrift vil glede sine tilsette med. Mange komiske surrehistorier og lettlese fagstoff om å vera distré kan forhåpentlegvis muntre opp i desse koronatider😊 #dønndistré #distré #boktips @spartacusforlag

2021-04-30 17:33:40

Gromme lam høyrer våren til, og dy for ein innsats dyktige bønder legg ned under lamminga - stor omsorg og mange nattetimar i fjøset. Eg besøkte sauebonden Ingrid Heggset i Surnadal denne veka, og fekk treffe kosete sauer med nusselege lam. Ingrid legg ut mange fine bilete av dyra sine under namnet ingridh.sau1.2.3. #sau #lam #vår

2021-04-26 23:52:12

Månen strør litt glitter i Todalsfjorden i Surnadal kommune no. Her ser vi innover fjorden frå Nordvik.

2021-04-23 19:43:34

Eit boktips frå meg: Lykkekuren er ei klok, lærerik og praktisk retta bok om korleis vi kan finne meir glede og lukke både kvardagar og helger. Og det unner eg dykk😊 #boktips

2021-04-22 18:36:56

Stabel til bruk under Teams-møte, for å få plassert mobilen høgt nok😅 Men for all del, bestill gjerne boka mi de som vil, for bunken kan etterfyllast😊 199 kroner for ei lita bok med mange historier og ny kunnskap om det å vera #dønndistré #distré

2021-04-17 16:50:50

Jammen er det vårleg i Oslo no. Eg har feira våren med å kjøpe muntre og fargerike trøflar🤩 Halvparten er allereie spist; godt eg tok biletet i tide😂 #vår #godsaker

2021-04-16 17:06:04

Vinteren har kasta kjettingane og sloppe fri våren #vår #oslo

2021-04-14 23:18:00

Somtid er det kjekt å ta ein liten omveg når ein har tid til det. I oktober 2016 førte det til at eg fekk oppleva Meisingsetvågen i Tingvoll i denne flotte stemninga. #vakrenordmøre #tingvoll

2021-04-12 12:21:08

Eg lurer på om eg skal innføre #dagensdistré. Eg trur i alle fall "vekas distré" kom allereie på ein måndag. Eg fann endeleg ladaren no og skulle plugge i mobilen samtidig som den stakkars pæra låg og venta like ved, på feil stad til feil tid. Trur ho skvatt litt😂 #dønndistré #distré

2021-03-31 23:44:57

God påske alle saman😊🐣 #påskegodt

2021-03-23 15:37:34

Det er mogleg å vera tolerant for det som er annleis og samtidig behalde grunnleggande omgrep som kvinne og mor og kar og far. Les meir her i BT i dag ved å kopiere denne lenkja: https://www.bt.no/btmeninger/debatt/i/pAKLAE/mannleg-mor #fakta #kjønn

2021-03-21 20:16:05

Spesiell stemning ytterst i Todalsfjorden sett frå Nordvik i Surnadal, september i fjor. Ferja Kvanne-Rykkjem går trufast uti der med triveleg mannskap og bind kommunane Surnadal og Sunndal saman. #surnadal #sunndal #kvennaferjå #utanfilter

2021-03-20 21:43:41

I dag er det to heile dobbeltsider i Trønder-Avisa om distré episoder frå boka mi og då aller mest frå Sandfærhus parkering. Der presterte eg å koma for å hente bilen min ein fredagskveld eg var på veg heim frå Oslo, då eg brått innsåg at bilen stod i Molde. Eg hadde tatt fly til feil flyplass😅😂 Det er mogleg å kjøpe «Dønn distré. Eller berre litt surrete?» for 199 kroner hos bokhandlarane og på nett, og også direkte frå meg, som gjerne sender signert utgåve i posten. Det kan hende de lurer på om det går an å gjera...

2021-03-19 21:54:21

#norgetrengerkua fordi vi menneske ikkje kan eta gras eller beite i utmark. Mykje av landet vårt eignar seg berre for gras og beite, derfor er det fantastisk at kua kan gjera om dette til mjølk og kjøtt til oss💚 Vakre kulturlandskap får vi på kjøpet.

2021-03-18 18:03:24

Så blid og grom som eg var den gong då. Åra går😅 # barndom #syttitallet

2021-03-15 11:45:37

Og kontorlivet i Oslo vart brått mykje kjekkare då denne kom på døra! Ikkje frå ein ivrig friar altså😅 men dy så fin #stortinget

2021-03-14 15:15:41

Fin kontorutsikt, då🤩 Men no trur at eg arbeidsdagen får vera over. Ut i sola ei stund! #stortinget #søndag

Laster...
Laster...