Beta
Søket ga 479 treff.
2022-01-23 15:04:55

Dagane blir stadig lysare sjølv om vinteren held taket i oss ei stund til #vinter #nordvik #haltbakkan #nordviksulå #todalsfjorden #surnadal #indrenordmøre #nordmøre

2022-01-09 18:48:38

Kråkene samlar seg til lydsterk fest i tretoppane i Vår Frelsers gravlund. Eg liker å ta ruslepause her når eg har arbeidshelger i Oslo, og blir begeistra når hundrevis av kråker skrålar og pratar seg bort frå vinterkulda oppe i dei mange store trea. #kråker #vårfrelsersgravlund #sjarm

2021-12-23 17:32:54

Koseleg å sjå på julebilete frå då eg var lita no som det nok ein gong nærmar seg jul. Først to storesøsken som held eit nurk på ein knapp månad. Eg og litjbror min blir etterkvart store nok til å bli fascinert av nissen, som utruleg nok dukka opp då storebror var ute ein tur kvar julekveld. Riktig god jul til alle saman - og eit godt nyttår når den tid kjem😊🌟🎉 #godjul #jul #barndom

2021-12-15 18:52:06

Mystisk kveldsstemning. Trappa opp mot #damstredet og #damplassen i #oslo

2021-12-14 19:49:45

Sambuaren heime på Nordmøre får nokre klagemeldingar frå meg i Oslo-bygda. Problemet her er at eg verken kan moppe eller stave moppe. Men han kan svara😂 #mopping #husarbeidernodrit

2021-12-13 21:23:19

Trass all risiko for smitte og elendigheit er dette synet framfor Stortinget til oppmuntring i førjulstida. Og å gå gjennom ein tunnel av lys kjennest fint✨#Oslo #førjulstid

2021-12-04 21:42:44

Heimekontor i Oslo i helga er fint det, men det er hakket koselegare med heimekontor i Surnadal når denne sjarmøren helst vil ligge ved føtene mine på kontoret eller oppi sofaen saman med meg😊 #hund #kos #hygge #heimekontor

2021-12-01 22:52:18

Helgas snø og kulde laga fine landskap både i store og små format #vinter #snø

2021-11-29 17:39:34

Benken ved fjorden nedanfor huset vårt gir plassen endå litt meir sjarm. #vinter #snø #nordmøre #nordvik #surnadal

2021-11-27 16:14:46

Det er berre så fint med snø utover landskapet og på trea slik som dette. Bileta er frå Nordvik i Surnadal. Godt det er meldt kaldt og vindstille i morgon òg, så dette får halde fram litt til. #snø #nordvik #surnadal #nordmore #vinter

2021-11-21 18:01:00

Eg skar av to slike bitar av ein yuccapalme som hadde mista piffen våren 2020. Håpefull putta eg desse i vatn og brukte tolmodet. No har vi jammen meg to ganske store planter som lever vidare etter denne første - dei er utstilte ved omnsmuren for anledninga:) # planter #inneplanter

2021-11-19 15:57:31

Haha! Frå vg.no. #humor

2021-11-16 21:22:43

Ja, kvifor ikkje lyse opp nokre tre i mørket slik som dette? Oslo-bygda byr på litt av kvart. #oslo #haust #oktoberbilete

2021-11-16 17:55:31

Eg er ikkje akkurat fersk på Stortinget lenger (fælt kor åra går), men absolutt fersk i næringskomiteen. Utruleg kjekt at Per Olav Tyldum, Willfred Nordlund og eg no har fått med den godaste Peder Ingvaldsen på laget. Han skal vera politisk rådgivar for oss tre, og til saman blir vi ein bra gjeng🤩🍀 @pederingvaldsen @senterparti #stortinget

2021-11-15 17:15:11

Ikkje rart det er spiseproblem i skisporten når denne blir kalt elefant 😬 #mediaaltså #humor

2021-11-12 23:10:29

Eg skriv i ein kronikk på Nrk Ytring at jenter og gutar sjølvsagt skal bli dømt likeins og ha like vilkår på fotballbanen. Lenke i bio viss du vil lesa teksten. Tøffe jenter er gode greier👍 #fotball

2021-11-09 15:16:32

Nokon som veit kva dette betyr? PEP betyr politisk eksponert person når eg søkjer på nett, men det gir inga forklaring på denne litt urinliknande, men likevel friske gule væska som står på pulten på det nye kontoret mitt😅

2021-11-08 19:07:17

Helgas finvêr gav denne skumringstimen #nordvik #nordmøre

2021-11-07 14:49:38

Strålande fint haustvêr! Nordvik med Nordviksulå bak. Skjerdingfjellet og Snøfjellet er med til høgre på den andre biletet. #indrenordmøre #surnadal #nordvik #haust #todalsfjorden

2021-11-05 15:13:52

Så grom😊#hund #finedyravåre #kamerat

Laster...
Laster...