Beta
Søket ga 444 treff.
Hadia Tajik
2020-03-25 18:38:22

Alle bedrifter som vart tvangnedlagt over natta på grunn av regjeringa sitt koronavedtak, vil med Arbeiderpartiet sitt framlegg kunne få støtte frå staten for å overleve. Det same gjeld dei som har fått eit stort fall i omsetninga som ein indirekte konsekvens av pandemien og vedtaka. Les meir her: https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/4qA71o/ap-stoere-blar-opp-vil-ha-dansk-modell

Hadia Tajik
2020-03-24 21:45:38

Videomøte i partileiinga i Arbeiderpartiet 🤩 Ikkje diss den teknologiske stilen min, eg gjer så godt eg kan... 😅

Hadia Tajik
2020-03-24 15:42:16

Den største arbeidsløysa sia 2. verdenskrig. Det er no. Difor var det så viktig å få til vedtak om meir sosialt rettferdig dagpengeordning og permittering i førre veke. Difor er det så viktig å hugse at sjølv om jobb nummer ein nett no er liv og helse, så kjem ei dag etter denne krisa og då skal jobb nummer ein vere arbeid til alle. https://www.nav.no/no/nav-og-samfunn/statistikk/arbeidssokere-og-stillinger-statistikk/nyheter/142-000-flere-ledige-siste-uke

Hadia Tajik
2020-03-16 14:21:26

Her er semja frå Stortinget i dag. Det er krevjande tider, og då er det viktig å prioritere det viktigaste fyrst. Som de kan sjå i oversikten: For Arbeiderpartiet har ein sosial profil på krisetiltaka vore aller viktigst. At sjukepleiaren, drosjesjåføren, industriarbeidaren og frisøren alle kan vere trygge på at fellesskapet er her for dei no. Me snakkast. https://res.cloudinary.com/arbeiderpartiet/image/upload/v1/ievv_filestore/a884e842ba3746098f871bfce87e59a88d4bd5eeba2a4e049462aa5023bd9b14

Hadia Tajik
2020-03-16 10:32:54

Korleis ei krise vert handsama i starten definerer heile den vidare handsaminga av krisa. Derfor har det vore viktig for Arbeidarpartiet at fellesskapet skal stille opp for folk. At ingen skal stå åleine i krisa. At helsa til folk i landet vårt vert trygga, familien sikra og at inntekten er forutsigbar, sjølv om kvardagen ikkje er det. Gjennom helga har opposisjonspartia klart å opptre samla på dei vesentlege punkta. Regjeringspartia har kome oss i møte. No står me samla om mellom anna følgjande krisetiltak: 🌹 20 dager full lønn under permittering, der alt frå dag 3 er betalt av fellesskapet...

Hadia Tajik
2020-03-15 09:31:51

I ei tid som denne må me stå saman. Tryggleik for liv og helse må kome først, men det er mange som blir sett i krevjande situasjonar no som følge av dei strenge tiltaka som er innført. Tre ting er derfor hovudprioritet når Arbeidarpartiet gjennom helga snakkar med dei andre partia om kva målretta strakstiltak me vil innføre: 🌹 Full lønn ved permittering 🌹 Omsorgspengeordning som er rausare 🌹 Ordningar for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar slik at dei ikkje står på bar bakke I tillegg må det kome kraftigare tiltak for å redde bedrifter og bransjar som er ramma. Det...

Hadia Tajik
2020-03-11 23:05:42

Fast og tydeleg leiarskap frå Roger Valhammer, byrådsleiar i Bergen, i ei krevjande tid: https://www.bt.no/btmeninger/leder/i/g7ArPA/gode-raad-i-rett-tid

Hadia Tajik
2020-03-09 14:39:52

I dag fall kronekursen og oljeprisen, samstundes som det var eit fall på dei globale børsane - inkludert Oslo Børs. Frå før veit me at veksten i norsk økonomi var moderat. Dette kan verte ein alvorleg situasjon for landet vårt. Arbeiderpartiet ber no finansministeren kome til Stortinget for å dele korleis han vurderer situasjonen, og kva tiltak regjeringa vil setje i verk. https://www.nrk.no/norge/krev-koronapolitisk-handling-1.14934927

Hadia Tajik
2020-03-08 14:56:43

Ofte vert det forventa at kvinner skal innfri direkte motstridande krav. Her er nokre døme: Smil meir. Du verkar så streng. Smil mindre. Du verkar så arrogant. Det håret ditt – kan du ikkje heller ha det i hestehale, så det ikkje er i vegen for bodskapet? Den hestehalen din – den får deg til å sjå ut som Tante Sofie. Før eg stod på oslolista til Stortinget vart det sagt: Ho er for lite Oslo. Så flytta eg heim til Rogaland, og då vart det sagt: Ho er for mykje Oslo. Før sa somme at eg ikkje kunne få...

Hadia Tajik
2020-03-07 09:50:20

Har sagt fra om at eg er klar for attval i 2021, hvis Partiet vil ha meg, og at eg no er klar på at eg gjerne vil drive med politikk i mange år. Det har eg ikkje vore klar for tidlegare. Men kampen for rettferd, likare fordeling av pengar og makt, for kvinnesak og utsleppskutt som skaper jobbar - alt dette gjer at eg gjerne vil vere med og sloss. I tillegg har det noko å seie for landet vårt korleis Arbeiderpartiet som parti utviklar seg: Me må vise kvar dag at me er ein trygg, interessant og inkluderande...

Hadia Tajik
2020-03-05 14:48:06

Ei rose frå «Sarpen» kafé i Sarpsborg! God prat med Klaus og Stig frå LO lokalt, og partifeller på kafé. Me snakka om alt frå tog til barnefattigdom. Kva har du gjort i dag?

Hadia Tajik
2020-03-01 17:20:47

Det er ikkje rett eller rimeleg når somme leiarar i offentleg sektor får ei lønnsvekst på nær 40 prosent over nokre år, medan vanlege hushaldningar opplever ei nedgang i inntekta si. Det er på tide å ta tak i leiarlønningane. Det gjeld sjølvsagt òg godt betalte politikarar. Difor vil Arbeiderpartiet ha lønnsfrys på Stortinget og ein leiarlønnskommisjon. Les meir i VG. https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/e84pBl/vil-stemme-for-full-loennsstopp-for-erna-solberg-og-seg-selv

Hadia Tajik
2020-02-27 21:04:17

Vadsø! Ein by eg vart skikkeleg glad i etter å ha vore på Varangerfestivalen i 2015. I dag har eg vore innom og snakka med partifeller om framtida, folketalsutviklinga, og kor viktig det er at staten Norge tek ei sterkare rolle i å utvikle heile landet. Og på kvelden: Flaks. Hålogaland Teater hadde framsyning av «Tidens Korthet» og eg hadde bra damer som følge. 🤩

Hadia Tajik
2020-02-26 18:09:29

Å drive med politikk gjer at du kjem opp i mange dilemma! Sjå Tonje Brenna og meg drøfte nokre slike dilemma her 😅 Og: Kva meiner eigentleg du om ananas på pizza?

Hadia Tajik
2020-02-20 22:33:34

Vår eigen stortingsrepresentant Kari Henriksen er ei av kandidatane til å verte president i OSSE sin parlamentarikarforsamling 🤩 Stolt av deg, Kari! 🌹

Hadia Tajik
2020-02-18 20:29:32

Bra og viktig om den norske fagarbeidaren og meir praksis inn i skulen- av tre konserndirektører i Veidekke (!). Verdt å lese - og å følgje opp politisk. https://www.vg.no/nyheter/meninger/i/VbMGxd/praktiske-fag-maa-inn-i-skolen-norge-trenger-flere-fagarbeidere

Hadia Tajik
2020-02-01 19:43:34

Sjølvsagt kan damer fly like langt som menn:

Hadia Tajik
2020-01-26 12:22:36

Berre 10 år gammal vart Amal Abdinur (25) sosialdemokrat. Grunnen? Skatt! Høyr historia til den taleføre geografistudenten, oslojenta, ny-trøndaren og tidlegare restaurantsjefen, Amal. Ho snakkar så godt om kva fellesskap er, kva skatt betyr og kvifor me treng kvarandre. https://m.soundcloud.com/sosialdemokrat/6-amal-abdinur

Hadia Tajik
2020-01-24 14:46:46

Gratulerer til nye statsrådar. Særleg til rogalendingen Tina Bru. Når det fyrst er høyreregjering i landet, er Bru ein politikar det er lett å ha respekt for. Nye fjes inneber likevel ikkje ei ny retning for landet. Regjeringa styrer på ein plattform som Arbeiderpartiet er uroa for at vil auke forskjellane i landet. Men det får me ta på måndag. I dag må dei nye i Kongen sitt råd få feire dagen, og gjere seg kjent med nye oppgåver. God helg!

Hadia Tajik
2020-01-20 14:57:32

Erna Solberg sitt personlege nederlag når ho ikkje har lukkast med å samle borgarleg side, har lite å seie for vanlege folk sin kvardag. Det endrar heller ikkje kursen høyreregjeringa har hatt gjennom sju år med sentralisering, privatisering og skattekutt til dei som har mest frå før. Arbeiderpartiet vil fortsette å vere eit tydeleg opposisjonsparti til denne kursen. Me vil ha eit meir rettferdig og klimavennleg Norge, der fleire får vere i jobb. Eg trur folk vil ha politikarar som har fokus på rett stad: Den jobben me skal gjere for folk, ikkje politisk spel og skuldfordeling slik høyrepartiene held...

Laster...
Laster...