Beta
Søket ga 444 treff.
Hadia Tajik
2020-05-11 10:03:50

Les kva planar Ap har for Nordsjøen framover! 🤩 https://www.aftenposten.no/norge/politikk/i/2Geeol/ap-nordsjoeen-skal-bli-fremtidens-industriverksted-for-aa-gjenreise-norge-etter-koronaen

Hadia Tajik
2020-05-10 15:17:53

Arne Pedersen er ei sterk røst frå Vestre Jakobselv. Mange kjenner han som leiar i Kystfiskarlaget, ein organisasjon som representerer 700 medlemmer langs heile kysten. Høyr korleis han meiner organisasjonsliv og fiskekvotar kan skildre kampane sosialdemokratiet står overfor i dag. Merk at opptaket med Arne vart gjort før koronapandemien braut ut.

Hadia Tajik
2020-05-07 15:39:55

🤩 Bra jobba, Tuva Moflag! Eit viktig skritt for kvinnehelse.

Hadia Tajik
2020-05-01 20:54:24

Zaineb Al-Samarai er fyrste vara til Stortinget frå Oslo Arbeiderparti, og leiar for Oslo Arbeidersamfunn - det største, norske arbeiderpartilaget i universet! 😅 32-åringen har arbeidserfaring frå ferskvaredisken hjå Meny, som avisbud, advokatfullmektig og rådgjevar. I mange år spelte ho fotball på høgt nivå - og no er ho styremedlem i Norges Idrettsforbund. I denne spesialutgåva av «Derfor er jeg sosialdemokrat» snakker me om 1. mai - og svarer på spørsmål frå folk her på Facebook. Høyr episoden her:

Hadia Tajik
2020-05-01 14:30:39

Gratulerer med dagen!

Hadia Tajik
2020-04-30 20:32:26

I morgon samlast me ikkje på valen - men på digitalen 🤩 Vil du treffe leiar for Oslo Arbeidersamfunn, Zaineb Al-Samarai, og meg for ein god prat om 1. mai, rørsla og sosialdemokratiet? Me sender live kl 1430 på Facebook på sjølvaste 1. mai-dagen! Send gjerne spørsmål eller innspel til oss på forhånd - ved å skrive her i kommentarfeltet 🌹

Hadia Tajik
2020-04-30 14:10:05

I dag kom Høyre på banen om oljeskatt! Det var ikkje eit sekund for tidleg. No må me halde aktiviteten oppe i oljeindustrien - og me må gje gass i omstillinga til klimavennlege investeringar. Forslaget til regjeringa, slik det framstår før alle detaljar er på plass, er eit balansert utgangspunkt. Men allereie no kan me sjå nokre sentrale manglar: 🌹 Det er våre verft som treng oppdrag no, og våre arbeidsfolk som treng tryggleik for jobb. Dette må regjeringa sikre. 🌹 Pengane dette utløyser kan ikkje ende opp med å gå til store utbyttar hjå private eigarar. Det må det...

Hadia Tajik
2020-04-29 16:24:18

Oljebransjen er i ein dramatisk krise. Regjeringa må raskt levere tiltak som kan utløyse investeringar på sokkelen og i leverandørindustrien. Me kan ikkje vente lenger. https://www.vg.no/nyheter/meninger/i/kJV3oQ/olje-og-leverandoerindustrien-trenger-krisehjelp

Hadia Tajik
2020-04-29 12:24:03

Elin Dahlseng Eide er den fyrste som tok høgare utdanning i familien til far sin. I dag bur ho i Rana, og er PPT-rådgjevar hjå Polarsirkelen vidaregåande og gruppeleiar i Rana Arbeidarparti. Då ho som 13-åring ville melde seg inn i AUF måtte ho gjennom eit kryssforhør med foreldra sine om kvifor ho meinte ho var sosialdemokrat. Høyr Elin fortelje om kva sosialdemokratar bør gjere meir av framover, i denne episoden av «Derfor er jeg sosialdemokrat».

Hadia Tajik
2020-04-25 14:19:59

Vil du vere med på verdidilemmaleiken? Somme av spørsmåla er berre på gøy, men ein heil del er på ramme alvor. I videoen kan du sjå 1. sekretær i LO, Julie Lødrup, og meg diskutere oss gjennom ulike spørsmål frå heimekontoret. I lenka i kommentarfeltet kan du finne fleire spørsmål å diskutere - og gje oss innspel på.

Hadia Tajik
2020-04-22 12:10:58

Vil du vere med i debatten om ny formålsparagraf for Arbeiderpartiet? Det er ein del av programdebatten vår – fram mot landsmøtet i 2021. I denne videoen kan du sjå Ragni Løkholm Ramberg og meg presentere forslaget til ny tekst. Ilag med Stian Brekkvassmo, Norvald Mo og Ingrid Tønseth Myhr har me laga heftet som no vert sendt ut til partiorganisasjonen.

Hadia Tajik
2020-04-18 22:01:32

Det vert sagt at me ikkje kan leve av å klippe håret på kvarandre. Men nokon måtte snart klippe Kristian. I mangel av fagfolk, tok eg saksa fatt sjølv... gler meg til fagfolka er tilbake på jobb. Det gjer nok Kristian òg 😬 sjølv om han kosa seg då han filma heimeklippen i dag.

Hadia Tajik
2020-04-18 11:08:23

Formålsparagrafen til Arbeiderpartiet har ikkje vore endra på 20 år! I samband med verdidebatten i arbeidet med nytt partiprogram er det vel på tide med ei revidering no? Sjekk kommentarfeltet for å sjå ordlyden til paragrafen i dag 👇 Kva meiner DU bør med?

Hadia Tajik
2020-04-16 18:51:41

Arbeiderpartiet sin humanitære tradisjon står sterkt. For oss er solidaritet ikkje berre eit slagord, men praktisk politikk. Praktiske løysingar krev vanskelege avveiningar og vilje til ansvar. Det ansvaret tek me: Arbeiderpartiet vil prioritere kvoteflyktningar frå FN si liste. Dei er blant dei mest sårbare akkurat no. Me vil ha fortgang i å få fleire kvoteflyktningar til Norge. https://www.aftenposten.no/norge/politikk/i/GGLmoJ/ap-leder-stoere-solidaritet-er-ikke-aa-velge-flyktninger-fra-en-leir?fbclid=IwAR2x8pdynSTN1UOMuS8HX2GUEQ0ySLMqecL2oVgGb4aHasRXSEZEuW5F53w

Hadia Tajik
2020-04-16 10:49:15

...akkurat som Arbeiderpartiet ville her heime, men som me vart stemt ned på: https://www.dn.no/bors/eu-vil-forby-selskaper-som-mottar-krisehjelp-a-betale-utbytte-og-bonuser/2-1-792444

Hadia Tajik
2020-04-05 09:54:54

Me kan ikkje lage eit system som sosialiserer tap, og privatiserer gevinst - slik at tap er noko fellesskapet må bære, medan overskudd får til nokre få. Les meir her: https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/50gbdz/hadia-tajik-frykter-bedrifter-vil-misbruke-krisehjelp

Hadia Tajik
2020-04-04 08:11:30

Dette er Jorid, som eg jobbar med. 22. juli 2011 gøymde ho seg på Utøya. I dag gjev ho meg gode råd. Eg er stolt av å jobbe med ho. Det er ei kvinne som har opplevd meir i løpet av sitt 29 år lange liv, enn mange som er mykje eldre har gjort. Det har gjort ho klok og sindig. Eg lærer av ho kvar dag. I denne artikkelen kan du verte kjent med Jorid: https://www.aftenposten.no/a-magasinet/i/Qo0lyQ/hun-holdt-22-juli-terroren-paa-avstand-i-mange-aar-saa-skjedde-noe-som-forandret-henne

Hadia Tajik
2020-03-31 22:39:20
Krisepakke 3
Hadia Tajik
2020-03-30 09:20:28

"Erna Solberg sa at dette er de sterkeste, mest inngripende tiltakene i fredstid og for vår generasjon. På samme måte blir arbeidet etterpå noe vi ikke har vært innom i vår generasjon", seier Jonas Gahr Støre i VG i dag. Det har han heilt rett i. Les kva han tenker om vegen framover her: https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/vQ7W2L/stoere-om-gjenoppbygging-etter-coronakrisen-vaar-generasjons-store-oppgave

Hadia Tajik
2020-03-28 20:45:10

Når kvardagen kjem etter pandemien, så gler eg meg til å gå ein tur i skogen med venner. Med berre 2 cm avstand, der me dultar borti kvandre på veg opp til ein topp. Eg gler meg til å ha venner over på middag, sitje tett inntil kvarandre rundt kjøkkenbordet, le og fortelje historiar. Eg gler meg til å sjå att mor og far. Eg gler meg til å gå til gullsmeden, og prøve mange ulike gifteringar før Kristian og eg kjøper eit fint par. Og eg gler meg til det går an å gå ut ein stad der einkvan...

Laster...
Laster...