Beta
Søket ga 479 treff.
2022-12-03 14:08:51

Portrett av ein stein i fjæra #frost #rim #vinter

2022-12-02 23:12:36

Måneskinsbad ein time før midnatt med stemningsfull frostrøyk😊 #vinterbading #vinter #måne #nordmøre #nordvik #surnadal

2022-12-02 15:26:59
2022-11-28 22:10:47

Eg har fylt år i dag og har kome halvveges til 94. Eg planlegg å stille opp i stortingssalen sjåande ut som på bileta i morgon, for vise at eg er passeleg fit for fight igjen🤩\n\nEin fan laga ein gong ein filmsnutt med ansiktet mitt ved hjelp av deepfake, av alle ting frå filmen Wonderwoman. Før eg forstod kva han hadde gjort, var eg oppriktig forundra over at det fanst ein skodespelar der ute som var så lik meg. I ansiktet vel å merke, så smekker kropp har eg aldri hatt😂 #fitforfight

2022-11-27 19:40:18

Eg blar i eit album med gamle bilete og finn desse tre bileta av meg og litjbror min, Bernt. Det veksla mellom søskenkjærleik og krangling, som med søsken flest. Her ser det ut som om det var eg som var mest slitsam🙈 Cirka 1980🥰 #søsken #gamledagar #barndom

2022-11-27 12:14:45

Redd for å bli blind? Det er eg òg. Veldig.\n\nRisikoen for å bli blind er liten. Men risikoen for å bli blind for det vakre og forunderlege som er rundt oss er stor - også om synet er i orden.\n\nGår vi til dømes med hovudet ned i mobilen i kvar ei ledig stund, kan vi umogleg ha sjela og sansane opne.\n\nHer er mobilen berre brukt som kamera, med flymodus på - og sjå kva eg fann i dei tilfrosne sølepyttane. \n\nDen lille nissen gler seg til jul, gjettar eg på. Skriv gjerne kva de ser:) #frost #vinter #iskunst

2022-11-26 21:16:44

Eit glimt til av Plassen på Nordvik i november #nordvik #surnadal #nordmøre #møreogromsdal #norway #haust #nostalgia #nostalgi

2022-11-25 16:51:22

To glimt frå Plassen, nede ved fjorden på Nordvik i Surnadal. Svært velkomen novembersol etter regnsommaren her på Nordmøre. #nordvik #surnadal #nordmøre #møreogromsdal #norway #november #haust #låve

2022-11-23 19:51:27

Sjå vinter- og så sommarbilete frå to stader i dalen min ved å bla:) Det første er frå i dag. Eg driv nemleg med "helsereiser" inn i dalen der eg vaks opp denne veka, for å få skikk på skrotten no medan eg er sjukemeldt. Eg er så glad i dette dalføret der Østbødalen er den bebudde delen og der det heiter Søyådalen lenger innover. #østbødalen #søyådalen #minbarndomsdal #helse #natur

2022-11-23 09:55:12

Åh! #rim #frost #snartvinter

2022-11-21 21:43:46

Denne veka skal eg klemme dette treet igjen. Eg er sjukemeldt ei veke og må rett og slett ta livet med ro for kroppen sin del. Det er eg ikkje god til, men dalen min bruker å få meg nedpå. Derfor skal eg dit, til Østbødalen der eg vaks opp, og den enorme grana på Ytterbakkan. #helse #talivetmedro #østbødalen

2022-11-20 19:04:43

På tide å gråte litt? Vi kan underhalde oss i hel med alt som finst på Netflix, men mykje er også veldig nyttig og lærerikt. Eg føler at eg har vorte litt klokare av å sjå denne dokumentaren om Anne Frank og nokre jamaldrande av ho som overlevde holocaust. Å lære av historia er ikkje gjort ein gong for alle, vi må halde fram med det. #netflix #historie #holocaust #shoah #annefrank

2022-11-20 12:42:44

Nei og nei og nei! (Obs! Før- og etterbilete.) Eg som var kjempestolt då eg tok det første biletet i går kveld🙄Eg hadde laga sitronfromasj for første gong i mitt relativt lange liv og kjente at husmorimaget styrka seg kraftig. (Det står dårleg til i utgangspunktet). Men no har sitronen rett og slett flykta og fromasjen flata ut. Inni den blaute massen der prøver ei frekk lita hand koma seg opp for å rette finger til meg😂 #humor #mislukka

2022-11-18 21:27:28

Frost! Så nydeleg kan rim vera. (Fem bilete.) #frost #rim #haust

2022-11-18 18:29:51

Vi hadde ein langdryg regnsommar i år, men november altså! #Nordvik #Surnadal #nordmøre #møreogromsdal #norway #haust #fjord #surnadal

2022-11-16 22:01:50

Vakre Ålesund! #Ålesund #sunnmøre #møreogromsdal #norway

2022-11-15 19:24:49

Den lille, vakre gamle låven på Nordvik i Surnadal, på plassen som heiter nettopp Plassen. #nordvik #surnadal #nordmøre #møreogromsdal #norway #haust

2022-11-14 18:58:42

Haha! Hugsar de at eg fortalte at eg legg ei musmatte som sitteunderlag på skinnsetet mitt i stortingssalen for ikkje å gli av? Dette er jo særleg godt eigna for oss kvinnfolk; som har mus, meiner eg😂 No fekk eg denne i gåve av @tovemogstad Ei retteleg musmatte, som hunden no har lagt seg på😅

2022-11-13 17:18:16

Eg opplevde noko stort seint fredag kveld, i stupande mørke og regn, då eg likevel braut meg uti fjorden heime for eit bad med hovudlykt på. Eg måtte berre hente mobilen for å filme det, sjølv om filmen jo ikkje yter opplevinga rettferdigheit. Det var rett og slett heilt fantastisk korleis regnet spratt og dansa på vassoverflata😊 #regn #fjord #nordvik #vakkert

2022-11-12 15:35:03

Vondt i humøret eller vondt i kroppen? Takk og pris for humor og dans! #dans #humor #psykiskhelse #helse

Laster...
Laster...