Beta
Søket ga 172 treff.
Hadia Tajik
2023-12-29 10:07:32

Takk for dansen til 2023. 💃🏻 Reint personleg vart det eit år med mykje læring og nye arena å tre inn på. Mest av alt er eg takksam for Kristian, Sofia, den utvida familien og nære venner. 🥰 Gjennom arbeidet i energi- og miljøkomiteen har eg kunne skrive ei bok om klima og økonomi, med forslag om nye politiske vegval. I justiskomiteen, som eg sit i no, får eg arbeide med eit felt som har store utfordringar i året som kjem - mellom anna fordi tryggleikssituasjonen i verda òg får innverknad på norsk sivil beredskap.\n\nDet er likevel utraderinga av sivilbefolkninga...

Hadia Tajik
2023-12-26 21:43:20

If everything else fails… har eg alltids Massey Ferguson å falle tilbake på. 🚜

Hadia Tajik
2023-12-21 16:46:04

Fekk litt hjelp til å male av ei butt barnehand… Nydeleg.

Hadia Tajik
2023-12-10 17:39:38

God advent 🎅🏻🎄

Hadia Tajik
2023-11-26 20:57:43

Søndagskos.

Hadia Tajik
2023-11-12 09:46:03

Takk for dansen 🥰💃🏻🕺 og varmt gratulerer til @alexandrajoner og @olethomashansen med velfortent seier. Òg imponert over alt @klokkismann og @mariannesandaker har gjort gjennom sesongen. 😍 For ein varm, inkluderande og kreativ gjeng dette er! No skal me alle danse vidare i livet. Alt godt til Skal vi Danse-gjengen 2023 ❤️🔥

Hadia Tajik
2023-10-30 22:00:06

Kjekt med boklansering på Kulturhuset i Oslo i kveld 🌹 Kristin Halvorsen, som har vore med og laga rapporten frå Klimautvalget 2050, styrte samtalen om boka, og Mathilde Tybring-Gjedde (H), Gaute Børstad Skjervø (AUF), og Adele Matheson Mestad (Norges Institusjon for Menneskerettigheter) delte sine perspektiv på klima og økonomi.\nDet må vere lov å håpe at programarbeidet i dei ulike politiske partia framover tek innover seg at me må gjere langt meir for å lukkast med klimaomstillinga, enn det me gjer i dag, og mykje handler om styringsendringar.

Hadia Tajik
2023-10-27 21:27:59

Fekk snakke med Sven Egil Omdal om klimapolitikk og boka mi under @kakakverulantkatedralen i dag (og signere bøker utanfor toalettet, som ei rockestjerne 😅 sjå bilde 3)

Hadia Tajik
2023-10-24 20:07:57

Boka finst! Ho er ekte. Kven hadde trudd!? 🥰 (ikkje eg, for berre nokre månader sia då eg svetta over tastaturet!)

Hadia Tajik
2023-10-18 10:15:15

I neste veke kjem boka mi om klima og økonomi: «Drømmer for min datter». Her kan du lese første kapittel: Om det grønne huset i Bjørheimsbygd som ein spansk familie kjøpte i fjor for å komme seg vekk frå hetebølgene i Madrid om sommaren.\n\nHar du lyst å bestille ei signert bok? Klikk på lenke i bio ✍️

Hadia Tajik
2023-10-06 12:44:31

Det regna litt under framlegginga av statsbudsjettet i Stavanger ☔️😅 Men ikkje meir enn at Olje- og energiminister Terje Aasland, Landbruksminister Geir Pollestad og eg fekk sagt noko om viktige sakar på energifeltet:\n🌹 Opp mot 80 nye stillingar som kan handsame konsesjonssøknader for utbygging av kraft og nett raskare\n🌹 148 mill kr til arbeidet med havvind på norsk sokkel\n🌹 Enova og Husbanken får nesten ein milliard kroner til saman for å forsterke arbeidet med energieffektivisering\n\nAllereie tidlegare i haust blei det klart at Oljedirektoratet no vert omforma til eit Sokkeldirektorat - noko som viser at regjeringa ser den viktige rolla Rogaland...

Hadia Tajik
2023-10-05 15:23:37

Me klarer ikkje å løyse klimakrisa utan å vere system- og samfunnskritiske. Verda er ikkje i rute med å kutte nok utslepp i tide. Me har laga ei verd som er for avhengig av fossil energi, og som driv overforbruk av naturen 🍃 Dét var det viktigaste budskapet mitt i trontaledebatten i dag, og eg gav Tina Bru (H) honnør for å ha erkjent i VG i dag at ho sjølv var for lite systemkritisk då straupriskrisen kom. Me treng sjølvrefleksjon og samarbeid, dersom me skal kome nokre skritt vidare å nå Paris-måla.

Hadia Tajik
2023-10-03 15:56:30

Då er det 168. Storting formelt i gang 🌹\n\nBilde 1: Rogalandsbenken\nBilde 2: Tina Bru (H) og meg - me sit ilag i stortingssalen\nBilde 3: 📸❤️ Mitt favorittaugneblink under opninga - når regjeringa bukker/ neier for stortingspresidenten. Det signaliserer at all makt skal ligge i Stortinget, i eit parlamentarisk system som vårt.

Hadia Tajik
2023-09-30 17:30:31

Spidergirl (2 år og 8 mndr) 🥰 og pappa.

Hadia Tajik
2023-09-29 20:02:55

I dag vert rekna som siste dag i forrige stortingssesjon. Då signerer alle representantane protokollen. Her er eg med mange gode kolleger, mellom anna Lise Christoffersen (raud jakke t.v) og Tuva Moflag i Arbeiderpartiet (bøyd framover, t.h). Reint formelt opnar neste sesjon no på tirsdag. Då kjem Kongen og les trontalen. Kan du gjette kva eg synes er det finaste augneblinket under opninga? 🥰 Det skal eg fortelje deg neste veke.\n\nFoto: 📸 Stortinget

Hadia Tajik
2023-09-21 16:50:35

Emmanuel Revis fekk i dag Kongens fortjenestemedalje🎖️ Han er psykologspesialist, og har i over 20 år vore sentral i å sikre rettane til personer med psykisk utviklingshemming som har gjort noko straffbart. I sum har arbeidet hans på psykologisk rehabilitering og rettspsykiatri gjort Norge meir sivilisert, og sikra langt fleire omsorg og helsehjelp. Eg hadde gleda av å få gode råd og innspel frå Revis då eg var leiar for justiskomiteen på Stortinget i perioden 2013-17. Det var ei ære å få delta på markeringa i Trondheim, der han no har fått den største anerkjenninga ein kan få i dette...

Hadia Tajik
2023-09-17 01:02:49

Tusen takk for dansen 💃🏻🌹 For masse kjærleik og positive tilbakemeldingar. Tusen takk til proffdansar Jone, for alt eg har fått lære, og til alle andre deltakarar og proffdansarar for at de er så rause. Det er verkeleg eit heilt unikt samhold mellom alle som er med i Skal vi Danse, der folk som eigentleg er konkurrentar er med på å gjere kvarandre gode. Tenk at ei småbarnsmor som likar å danse kan få vere med på noko så gøy som dette! 🤩🥳 Ønsker alle ein herleg helg!

Hadia Tajik
2023-09-12 20:50:18
Hadia Tajik
2023-09-10 10:27:19

Takk for dansen i går 😄💃🏻\nDet var utruleg kjekt å danse salsa med @jonesnilstveit. Tusen takk til alle som såg på og brukte stemmeretten. No skal me vidare til neste laurdag - som har temaet: filmkveld.\n\nVeldig trist at @trudevasstrand rauk ut i går - ho er verkeleg det eg vil kalle ei grepa dame 💕 Og blodig urettferdig at @fritzaanes måtte ut på grunn av ein skade - han har imponert.\n\nI morgen er det òg viktig å bruke stemmeretten. No har me politikarar gjort vårt i valgkampen og resten er opp til velgarane. Eg håper flest muleg tek del i...

Hadia Tajik
2023-09-03 18:06:45

VG+ har eit portrett med meg ute på nett no. Dei fulgte meg med fotograf gjennom heile premieredagen til Skal vi Danse. Neste laurdag kjem det på papir i VG Helg. Vonar du vil lese det! Foto 📸 : Helge Mikaelsen/ VG.

Laster...
Laster...