Beta
Søket ga 631 treff.
Jon Georg Dale
2019-03-05 21:02:51

Takk til Maskinentreprenørenes Forbund som såg mitt behov for ein kul refleksvest!

Jon Georg Dale
2019-03-04 19:53:27

Hyggeleg kveld med med regjeringspartia. No held vi fram med satsinga for å bygge landet. Med Fremskrittspartiet FrP regjering har løyvingane til samferdsel har auka med heile 75 %! 🚙🚙 Bra?

Jon Georg Dale
2019-03-04 07:04:13

Vil du ha Noregs kulaste sommarjobb? Søk jobb i stortingsgruppa vår! Eller kjenner du nokon som bør søke? Del gjerne!

Jon Georg Dale
2019-03-03 13:48:25

Har frihelg og har vore på Wembley og sett Tottenham-Arsenal. Dessverre berre eit poeng. Ny stadion er i ferd å få siste finpuss, satsar på at neste kamp eg skal på er tilbake i Tottenham. Ha ei fin avslutning på helga ⚽️⚽️

Jon Georg Dale
2019-03-03 09:56:04

Senterpartiets Åslaug Haga vil legge ned Noregs viktigaste næring. Om oljekranane stengast kan skattane auke med 175 000 kroner per familie. Fremskrittspartiet FrP meier det er heilt uaktuelt å sende ein enorm skatterekning til folk flest. Lik og del om du er einig!

Jon Georg Dale
2019-03-02 09:16:06

I desse dagar jobbar regjeringa med nye reglar for drosjenæringa. Vi ønsker større konkurranse i byane og moglegheit for bruk av ny teknologi, samtidig som vi sikrar tilbodet i distrikta. Bra?

Jon Georg Dale
2019-03-01 13:50:22

Alltid lurt å halde seg inne med sjefen, Erna Solberg. God helg!

Jon Georg Dale
2019-03-01 06:42:00

Fremskrittspartiet FrP og Kjell -Børge Freiberg hald frem satsinga på olje og gass. No investerast det 10 milliardar i utbygging av Gjøafeltet i Nordsjøen. Det skapar nye jobbar og store inntekter til fellesskapet. Bra? 👍

Jon Georg Dale
2019-02-28 18:26:55

I lys av dei alvorlege ulukkene med tungbil denne vinteren, vil eg ikkje la nokon aktuelle tiltak stå uprøvd. Mange har ønska at vi skal kontrollere alle vogntog som kryssar grensa inn til Noreg. Det ville eg gje eit forsøk. Tysdag kveld kontrollerte vi alle vogntoga som kom over grensa ved Ørje i Østfold. Det ga fleire nyttige erfaringar som vi vil ta med oss vidare i arbeidet for å trygge vegane våre.

Jon Georg Dale
2019-02-27 20:13:18

To tungbilkontrollar på to dagar - Først på Ørje og så i Lærdal. Det gir nyttige erfaringar. Mellom anna at ein lastebil kan bli tatt med same feil to ulike plassar i landet to dagar på rad.

Jon Georg Dale
2019-02-26 20:43:15

Erna Solberg og eg på kontroll av vogntog på svenskegrensa ved Ørje. Vogntog som ikkje er skodd for norsk vinterføre skal bort frå vegane våre!

Jon Georg Dale
2019-02-26 19:06:25

Erna og eg er no på kontroll av vogntog ved svenskegrensa. Farlege vogntog skal bort frå vegane våre!

Jon Georg Dale
2019-02-25 17:37:21

Når ein er den einaste utan kul refleksvest... 😕

Jon Georg Dale
2019-02-25 07:10:45

Før helga møtte eg representantar for fleire bedrifter som kjøper godstransporttjenester på veg. Her fekk eg innspel frå bedrifter som har praktisk erfaring med kjøp av transport, og høyrde deira erfaringar med dårleg skodde vogntog på norske vintervegar.

Jon Georg Dale
2019-02-24 20:48:50

Fremskrittspartiet FrP i regjering jobbar for ein varm og verdig omsorg i heile landet. Sjå nokre av våre gjennomslag her:

Jon Georg Dale
2019-02-23 08:55:00

Sjå meir av turen eg var på med lastebil på Senja. Her fekk eg sett kva utfordringar dei møter når dei køyrer fisk til og frå øya.

Jon Georg Dale
2019-02-22 14:48:00

God helg! Dagens tips: Baguette med kaviar og ananasbrus frå Oskar Sylte. Kva anbefaler du på tur?

Jon Georg Dale
2019-02-21 19:19:01

Erna Solberg no har du fått utfordring av statsminister Kristina Mari Roald ved Fagerlia videregående skole. Imponerande kor flinke og engasjerte dei unge er under deira prosjekt "Lille Storting".

Jon Georg Dale
2019-02-20 21:41:26

Fremskrittspartiet FrP i regjering forenklar kvardagen for dei eldre bilistane! Eldreminister Åse Michaelsen og eg er heilt einige om at dei kognitive testane ikkje skal brukast med mindre det er heilt tydelege teikn på kognitiv svikt. Lik og del om du synast dette er bra!

Jon Georg Dale
2019-02-20 07:51:09

Takk for ein fin tur på E16 i går Rune!

Laster...
Laster...