Beta
Søket ga 631 treff.
Jon Georg Dale
2019-04-01 17:23:00

Det er mange moglegheiter i nord kor samferdselsinfrastrukturen er heilt avgjerande for å løyse. Ein inspirerande dag i Kirkenes skal no avsluttast med medlemsmøte!

Jon Georg Dale
2019-03-31 14:08:21

Vi kan ikkje berre ha kontroll av vogntog på grensa. Tidligare i vinter deltok eg på kontroll både på Ørje og i Lærdal. Det er minst like viktig å kontrollere vogntog i landet som ved grensa. Til neste vinter vil vi få på plass fleire tiltak, som sammen med auka kontrollar, skal forbetre sikkerheita. - Sjåførar som køyrer inn i Noreg må ha kompetanse til å køyre på vintervegar. Dette vil vere eit nytt element i yrkessjåføropplæringa i Europa fra 2020. - Innføre strengare reglar for vinterdekk for tunge køyretøy. - Det vert også vurdert å skjerpe straffereaksjonen for sjåførane...

Jon Georg Dale
2019-03-30 10:24:51

Vi har kjempa i meir enn 10 år for å fjerne NRK-lisensen. No skjer det! Lik og del 😀 Eg ser at mange kommenterer med at dei ikkje er fornøgd med endringa. FrP har lenge kjempa for å fjerne NRK-lisensen og no blir det slutt på å få regninga i posten to gonger i året. Vi har ikkje fått fullt gjennomslag for det FrP ønskjer, men det er ein start. Det blir no billigare for mellom anna minstepensjonister og studenter med lav inntekt, dei får meir enn 3000 kroner meir å rutte med i året. Også einslege med barn og...

Jon Georg Dale
2019-03-28 07:14:13

Yrkessjåførar med syn på eitt auge skal få fortsette å jobbe som tungbilsjåførar! Lik og del 👍

Jon Georg Dale
2019-03-27 21:01:46

Vi skal utvikle gode bu- og arbeidsmarknadsregionar og få kortare reisetid for all verdiskapinga som skjer langs kysten vår. Difor er det viktig for regjeringa å halde trykke oppe på utbygginga av infrastruktur i heile landet som til dømes ferjefri E39.

Jon Georg Dale
2019-03-26 20:35:40

Me aukar innsatsen til politiet i kampen mot valdtekt. Visste du at sidan 2013 så har det vorte om lag 1650 nye politifolk i Noreg? 👮🏼‍♂️

Jon Georg Dale
2019-03-25 21:32:10

Les kvifor Kjell Ingolf Ropstad og eg meiner Noreg treng ein handlingsplan mot valdtekt.

Jon Georg Dale
2019-03-24 12:40:38

Det er ein krevande redningsaksjon som har pågått snart eit døgn. Hovedredningssentralen er i leiinga for arbeidet, medan mange offentlige etatar og frivillege organisasjonar deltek. Eg var tilfeldigvis i Molde denne helga, og eg har snakka med fleire passasjerar. Mange av passasjerane som er komne i land viser stor takknemligheit til redningspersonell, og til alle dei som frivilleg har stilt opp. Det er framleis ein pågåande og krevande aksjon, og regjeringa er løpande orientert. Takk til alle som bidreg i handteringa av denne krevande situasjonen.

Jon Georg Dale
2019-03-23 18:31:11

Løyvingane til jernbane har auka med nær 80 % prosent sidan Fremskrittspartiet FrP kom i regjering. Det er 100 fleire avgangar med tog inn og ut av Oslo no enn da Senterpartiet hadde samferdselsministeren. Lik og del om du også vil ha jernbana på skinner!

Jon Georg Dale
2019-03-22 20:12:00

Flaskehalsar gjer transport av tømmer langs smale vegar i Noreg tungvint. Derfor fordeler vi no 25 millionar kroner til å utbetre fylkesvegar med mykje tømmertransport. Utbetring av flaskehalsane vil styrke konkurransekrafta i skog- og trenæringa gjennom lågare transportkostnadar, gi færre lastebilar på vegane og betre miljø.

Jon Georg Dale
2019-03-21 07:30:05

Det har vore ein enorm vekst i seksuelle overgrep mot barn på nett dei siste åra. Difor må vi styrke kunnskapen og nærværet til politiet så vi kan gje barna våre ein trygg oppvekst.

Jon Georg Dale
2019-03-19 07:03:35

Våre firbeinte vennar skal være trygge uansett kor i landet dei er. Difor vil vi ha dyrepoliti i heile landet. Einig? 🐶

Jon Georg Dale
2019-03-18 07:59:31

Andreas vil ha auka fart på rullestol så han mellom anna kan vere med vennane som syklar. Kjell Ingolf Ropstad og eg synast det er ein god idé. Kva meiner du?

Jon Georg Dale
2019-03-16 11:31:53

Sjå Siv Jensen tale til landsstyremøtet i Fremskrittspartiet FrP no:

Jon Georg Dale
2019-03-15 11:31:00

Eg har stor medkjensle med Tor Mikkel og familien, som no er i ein krevjande situasjon. Eg har no blitt bedt om å fungere som justisminister medan Tor Mikkel er i permisjon. Det vil seie at eg inntil vidare skal vere både samferdselsminister og justis- og innvandringsminister. Dette er to tunge og viktige fagfelt. Eg vil gjere alt eg kan for å gjere ein god jobb på begge desse felta.

Jon Georg Dale
2019-03-15 10:37:39

Grusomme nyheitar frå New Zealand i dag. Dette er ei forferdelig tragedie. Tankane mine går til dei skadde og etterlatne.

Jon Georg Dale
2019-03-11 21:13:25

Teke for mykje Møllers tran? 💪💪 Neida, eg berre løfta Foamrox. Ei spennande og lett nyvinning som kan erstatte betong i vegutbygging - smart?

Jon Georg Dale
2019-03-11 06:52:54

Min statssekretær Allan Ellingsen fekk avduke dei nye Flytoga. Gleder du deg til å køyre med dei?

Jon Georg Dale
2019-03-08 12:38:08

Stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2022-2033 vert lagt fram i 2021. Arbeidet med meldinga er i gang, og er organisert på ein ny måte. Sjå presentasjonen min av dette her:

Jon Georg Dale
2019-03-07 15:35:41

No blir førarkortet snart digitalt! Du vil ikkje lenger trenge å ha med deg det fysiske førarkortet når du berre skal køyre ein liten tur, som å hente i barnehagen eller køyre nokon til toget. Det vil vere tilstrekkeleg å ha det på mobilen – som dei fleste uansett alltid har med seg. Bra?

Laster...
Laster...