Beta
Søket ga 631 treff.
Jon Georg Dale
2019-05-22 07:23:16

Nyleg besøkte eg britiske Go-Ahead, som i desember begynner å køyre tog i Noreg. Betre togtilbod og meir jernbane for pengane er målet med jernbanereforma. Les meir om den her www.regjeringen.no/jernbanereformen

Jon Georg Dale
2019-05-21 21:33:38

Jonas Gahr Støre har tenkt ut ein plan heilt sjølv... Gi bompengane eit anna navn, men la bilistane betale like mykje. Hev deretter skattane med 10 mrd. Kroner i året. Til slutt, ring VG å lat som du er i mot bompengar! Dessverre for Støre tek det berre 4 sekund å avsløre han. Arbeiderpartiet seier dei er imot, men stemmer for eit kvart forslag om bom. Del gjerne for å bidra til å stoppe svindelforsøket.

Jon Georg Dale
2019-05-20 13:12:27

I dag strammar eg inn på byane si muligheit til å heve bompengane. I staden varslar eg at eg i komande forhandlingar vil foreslå kostnadskutt i pakkane. Det bør kome bilistane til gode gjennom reduserte bompengar. No må Raymond Johansen i Oslo og Roger Valhammer i Bergen, gjere meir enn å snakke, no får dei sjansen til å hjelpe oss til bompengekutt.

Jon Georg Dale
2019-05-19 14:14:06

Staten bidreg med milliardar av kroner til kollektivtilbudet i dei store byane. Byane sjølv bidreg knapt med ei krone. Dei skriv ut store bomregningar, og legg deretter ut i fullt firsprang vekk frå ansvaret. Men no er det nok! Eg er klar til å kutte både i prosjekt og i bompengar, både i Oslo, Bergen og Stavanger for å få ned belastninga for bilistane. No får byråda ta ansvar eller konsekvensane av sin ansvarsfråskrivelse. Når AP sin byrådsleiar spring rundt med blank løgn, ja då slepp han ikkje unna lenger!

Jon Georg Dale
2019-05-18 20:43:24

Det var litt stang ut i dag, likevel utrulig moro å være på min første kamp i Rugby League. Ambassadør Wegger Strømmen hadde bra innsikt også i dette, og eg har lært ein heil del. Norge kjempa godt i 2. Omgang, men Hellas stakk av med seieren til slutt. Uansett ei triveleg oppleving!

Jon Georg Dale
2019-05-17 17:58:18

Gratulerer med dagen 🇳🇴🇳🇴 Eg har hatt ei fantastisk feiring i min favorittby London. Vennskapet med Storbritannia er sterkt for oss nordmenn. Takk til Ambassaden, Den Norske skulen, Sjømannskirka og dei tusenvis som møtte opp! God 17. Mai!

Jon Georg Dale
2019-05-16 20:23:26

Eg har fått meg ny bunad og er klar for 17. Mai i London. Kvar skal du feire i år?

Jon Georg Dale
2019-05-15 20:35:10

Spennande dag i London, eg fekk lære mykje om korleis dei driv jernbane og undergrunnsbane. Alle eg har snakka med i dag har eit fokus: Betre tilbod for kunder. På to og ei halv dag transporterar Transport for London like mange dei menneskjer som vi gjer på jernbane i løpet av av eit heilt år i Norge. Både GoAhead og Transport for London har vi fått fleire gode tips ifrå. Sidan 2013 har vi i Norge fått 15 millionar fleire passasjerar, nye tog og fleire avgongar. Likevel skal vi fortsette å styrke togtilbodet!

Jon Georg Dale
2019-05-14 13:31:48

Vi slettar gjeld og riv bomstasjonar. Vi satsar på vegbygging, og vi forbedrer vedlikeholdet på jernbane. Dette er blant dei gode tinga i dagens reviderte budsjett. Les om om det her.

Jon Georg Dale
2019-05-12 20:06:53

No kan du sjå meg på Huskestue på Tv2. Kva trur du eg kan om motor og Trøndelag...?

Jon Georg Dale
2019-05-10 08:24:46

Ein god nyheit frå budsjettet. Vi vil bruke 250 millionar kroner på forbetringar mellom Asker og Lillestrøm. Det vil gi mindre singalfeil så toga kan gå når dei skal. 👍🚆

Jon Georg Dale
2019-05-08 21:46:37

Mange tek fridommen vi har i Noreg for gitt. Vår fridom har veteranar både ute og heime ofra mykje for og kjempa hardt for. Det er vi evig takknemlege. I dag er ein dag for å heidre våre heltar og vise at vi ikkje har gløymt den viktige jobben dei har gjort og gjer. Tusen takk og gratulerer med dagen!

Jon Georg Dale
2019-05-06 11:45:42

Mange har reagert på dette svaret frå Vy, det forstår eg godt. Ikkje berre er svaret dårlig, det er også feil. Så berre for å oppklare: - Dersom Vy meiner det er kommersielt drivverdig med fleire sovevogner, er dei heilt fri til å kjøpe seg nye vogner og drifte disse. - Dersom dei ikkje vil eige slike tog sjølve, kan dei inngå langsiktig leige/finansieringsavtale med Norske tog. Vy sitt svar er direkte feil og dermed misvisende ovanfor kundane. Eg trur ikkje det er lurt å halde på med det i lengda.

Jon Georg Dale
2019-05-05 21:31:23

Sidan vi kom i regjering har vi auka samferdselsbudsjettet med 75 %. Vår massive satsing på infrastruktur gjer at private bedrifter kan skape arbeidsplassar i distriktet og at folk kan bu, leve og jobbe i heile landet. Sjå talen min frå landsmøtet her:

Jon Georg Dale
2019-05-04 16:42:16

Det er med stor sorg eg i dag har motteke den triste bodskapen om at vegdirektør og tidlegare samferdselsminister Terje Moe Gustavsen er gått bort. Terje har gjort ein formidabel innsats for norsk samferdsel gjennom mange år, og det vil merkast at hans store arbeidskapasitet og smittande engasjement er borte. Mine tankar går no til Terje sine nærmaste. Terje Moe Gustavsen sin innsats har vore imponerande, ikkje minst når det gjeld trafikktryggleik. Som samferdselsminister fremma han Nullvisjonen for Stortinget – ein visjon om ingen drepne og hardt skadde i trafikken. Nullvisjonen blei vedteken i 2001, og har hatt mykje å...

Jon Georg Dale
2019-05-04 10:05:31

Vi skal vere ombod for folk flest, også dei eldre. Derfor vil vi ha kjøkken på sjukeheimane og valgfridom i eldreomsorga. Sjå Sylvi Listhaug sin tale til landsmøte!

Jon Georg Dale
2019-05-03 16:22:54

Siv Jensen med ein stor nyheit i dag. I år skal vi bruke 200 millionar kroner på å rive bomstasjoner. Det betyr noko at det er Fremskrittspartiet FrP som styrer Samferdselsdepartementet (Norge)!

Jon Georg Dale
2019-05-03 14:12:27

Sjå Siv Jensens tale til landsmøtet direkte:

Jon Georg Dale
2019-05-02 20:22:17

I morgon begynner landsmøtet i Fremskrittspartiet FrP. Kva gleder du deg mest til?

Jon Georg Dale
2019-04-30 07:32:43

God morgon! I dag kan du høyre meg i politisk kvarter på NRK mot Geir Pollestad om bompenger. Senterpartiet argumenterer mot bompengar, men stemmer for kvar einaste gong dei får sjansen!

Laster...
Laster...