Beta
Søket ga 631 treff.
Jon Georg Dale
2019-08-07 22:37:25

På sommarturneen skal eg eigentleg inspisere veg, men kva slags kurase er dette?

Jon Georg Dale
2019-08-06 21:07:08

Sotrasambandet skal byggast!

Jon Georg Dale
2019-07-02 16:16:00

Flott vegopning på ny E18 Arendal- Tvedestrand. Nye Veier bygg raskare, billigare og bedre enn før. Ny trygg 4 felts moroveg! I år opnar totalt 104km ny firefelt, i åra framover skal vi bygge endå meir, og redusere bompengeandelen! Fleire av våre lokale stortingsrepresentantar var også tilstades, som Åshild Bruun-Gundersen og Svein Harberg. I tillegg var Nye Veiers største fan Tor Andre Johnsen på plass! Flott dag 🇳🇴🇳🇴

Jon Georg Dale
2019-06-28 17:17:23

Nokre gonger har ein så lyst på ferie at det er best at ein gøymer seg, men statssekretæren min Tommy fann meg likevel... Jaja, no tek eg ferie - God sommar!

Jon Georg Dale
2019-06-26 22:06:15

Eg har møtt 12 ulike bedriftseigarar og -leiarar i Møre og Romsdal. Dei skapar verdiar så vi har arbeidsplassar langs kysten, og det er dei som driv landet rundt! Regjeringa har reist rundt for å høyre kva dei viktigaste sakene er - samferdsel er sjølvsagt peika på av alle. #småbedriftslivet

Jon Georg Dale
2019-06-24 21:30:37

Statens vegvesen gjennomgår store endringar for å tilpasse seg framtidas arbeidsoppgåver. Dagens regioninndeling vert bytta ut med divisjonar med ansvar for ulike fagfelt. No har vi avgjort kvar hovudkontora for dei nye fagdivisjonane skal ligge. Med dette gjennomfører vi ei av dei største utflyttingane av statlege arbeidsplassar frå Oslo på mange år, og sørger med det for at Statens vegvesen er til stades i heile landet.

Jon Georg Dale
2019-06-20 08:01:01

Vi gir eldre bilførarar ein enklare kvardag. No forenklar Sylvi Listhaug og eg reglane for helseattest for eldre bilførarar.

Jon Georg Dale
2019-06-19 18:45:56

Det NrK avslører i denne artikkelen er heilt uakseptabelt. Bompengar er ikkje ei festkasse for dei tilsette. Her må det ryddast opp.

Jon Georg Dale
2019-06-19 08:03:11

Eg er oppteken av at det skal bli mindre bompengar for folk flest. No strammar eg inn reglane for å sette opp bommar på sidevegar langs nybygde vegar. Desse vegane brukast først og fremst av folk som køyrer til og frå barnehage, jobb, matbutikken og fritidsordningar. Slik sørger vi for ei mindre bompengebelastning for folk flest 👍👍

Jon Georg Dale
2019-06-17 19:55:29

Konkurransen på jernbanen verkar. Konkurranseutsetting er del av ei storstilt modernisering av norsk jernbanesektor som har eitt mål for auge: Eit betre togtilbod for passasjerane. Samtidig som vi har auka løyvingane jernbanen med nær 80 prosent dei siste åra, har vi jobba systematisk med å få meir jernbane for skattepengane. I dag ser vi eit konkret resultat av denne jobben. Togtilbodet blir betre samtidig som staten bruker vesentleg mindre skattepengar på å kjøpe persontogtilbud 👍

Jon Georg Dale
2019-06-16 12:06:25

Eg har holdt foredrag for partimedlemer utrulig mange plassar i landet, men ingen er like flotte som Trandal. Folket på Christian Gaard gir ein fantastisk service. Naturen er ikkje beskrivande med ord!

Jon Georg Dale
2019-06-14 21:04:24

Å bygge ut hamner er bra for verdiskaping langs kysten. No får Fosnavåg fiskerihamn forskoteringsmidlar som gjer at hamna kan byggast ut tidligare enn venta!

Jon Georg Dale
2019-06-07 16:54:36

Hektisk veke på jobb, men du verden kor mykje som er gjort. Denne veka har vi blant anna fått gjennom: - Liberalisering av ekspressbusspolitikken - Liberalisering av drosjepolitikken - Liberalisering av Havnepolitikken Neste punkt på lista er kutt i bompengar for folk flest!

Jon Georg Dale
2019-06-03 22:17:51

Ein flott dag i Rogaland i dag. Fekk mellom anna markere nye drivarar av Haugesund Lufthavn Karmøy, prøve skipssimulator og synfaring av Rogfast 👍✈️⛴🚙

Jon Georg Dale
2019-05-31 07:30:54

Morten Stordalen forklarer glimrande kvifor FrP heller brukar tida på å kutte bompengane, framfor å flytte bomstasjonen inn i din personbil slik Arbeiderpartiet foreslår. Er du einig med FrP, så del gjerne!

Jon Georg Dale
2019-05-30 18:59:13

Ser ikkje ut som folk flest kjøper nytalen frå #takstamesterJonas APs forsøk på å gi bompengane nytt navn, framfor å gjere som Fremskrittspartiet å kutte i bompengane sender AP kraftig ned og FrP opp på målingane!

Jon Georg Dale
2019-05-30 09:58:17

Eg vil ha mindre bompengar, Jonas Gahr Støre vil ta inn akkurat like mykje pengar og berre kalle dei noko anna...

Jon Georg Dale
2019-05-29 19:45:34

Fremskrittspartiet FrPs standpunkt er klart. Vi må kutte bompengane, ikkje pålegge bilistane taksameter i sin eigen bil!

Jon Georg Dale
2019-05-29 10:06:54

Sjå Siv Jensen, Harald T. Nesvik og meg direkte i spørjetimen her:

Jon Georg Dale
2019-05-22 07:51:55

Bompengetaket er nådd seier Raymond Johansen, medan hans eigen byråd sitt i møte å argumenterer for å auke bompengane. Vi treng kutt i kostnader, ikkje endå høgare bompengar i Oslo. Raymond må anten ta kontroll over eigen byråd, eller snakke sant om kva dei eigentleg meiner.

Laster...
Laster...