Beta
Søket ga 631 treff.
Jon Georg Dale
2019-08-27 07:25:20

Dersom AP og MDG får fortsette å styre i norske byar og bygder vert det milliardar av kroner i økte bompengar. Det er ein fullstendig håplaus politikk. Lik og del om du er einig med FrP i at bompengane må ned, ikkje opp!

Jon Georg Dale
2019-08-25 20:08:32

Ingen har spelt meir falskt enn Raymond Johansen dei siste månadane. Først seier han at bomtaket i Oslo er nådd. Så tilbyr regjeringa 5-6 mrd. for å styrke kollektivtilbudet og kutte bompengar, då seier Raymond nei. Han vil heller la MDG finansiere meir kollektiv med økte bompengar. Men dette slepp han ikkje unna. Tilbudet frå regjeringa vil stå ved lag til eit FrP byråd som seier ja til bomkutt er på plass!

Jon Georg Dale
2019-08-25 16:36:45

Dette er det mest vanvittige eg har sett. Byrådet i Oslo vil nekte å ta i mot mellom 5-6 mrd. Kroner fra regjeringa for å kutte bompengar, og styrke kollektivtrafikken. Dei vil heller øke bompengane dei komande åra... Det er ikkje ofte eg mister taleevna, men no er eg heilt lamslått av denne galskapen.

Jon Georg Dale
2019-08-25 10:48:35

100% einig med Terje Søviknes! Norske oljearbeidera representerer ei skyhøg verdiskaping, som gir oss inntekter til å bygge velferda i landet vårt. I alle valkampar dukkar det opp ein gjeng fra venstresida som vil sette alle disse tusenvis av arbeidsplassar i fare. Er du einig med Fremskrittspartiet og vil verne om norsk olje og gassindustri så lik og del.

Jon Georg Dale
2019-08-24 08:38:15

FrPs bomgjennomslag, kva betyr det? 🚙 4 Mrd. I bomkutt fordelt i Oslo, Bergen, Trondheim og Nord-Jæren. 🚙 14 milliardar til å slette bomgjeld i distrikta. Det er 9 mrd. meir enn i dag 🚙 Rushtidsavgifta forsvinn på Nord-Jæren 🚙 Lokal eigenandel på 20% i nye bypakker, som bidreg til bompengekutt 🚙 Ingen nye byvekstavtaler før nytt nullvekstmål er på plass 🚙 Ingen nye bypakker før kostnadskutt er gjennomført slik at vi får ned bompengane 🚂 Milliarder til bedre kollektiv Hadde det vore opp til Fremskrittspartiet åleine hadde vi kutta alle bompengar. Men dette var endelig eit langt steg i...

Jon Georg Dale
2019-08-23 23:35:49

Etter månader med slit er vi endelig i mål for denne gang. Vi skal kutte bompengar i bygd og by. Alle lurer på kven som vann denne kampen, det er eit enkelt svar på: Bilistane!

Jon Georg Dale
2019-08-22 20:03:41

Gode vegar kan ha høgare fart. No aukar vi fartsgrensa på seks strekningar. Er det fleire strekningar som du synast har feil fartsgrense?

Jon Georg Dale
2019-08-21 21:52:09

Gir inspirasjon til siste innspurt med valgkamp. Våre lokalpolitikarar står på for vegbygging uten bom, kutt i eigedomsskatt og betre eldreomsorg. Kva er viktigast for deg i kommunevalget?

Jon Georg Dale
2019-08-20 19:16:58

Nye Veier vil bygge E6 Kvænangsfjellet som eit prosjekt og ikkje to. Dei satsar på at vegen skal stå ferdig allereie i 2023. Det betyr at dei vil vere ferdig med både prosjekta før det andre eigentleg var tenkt starta. Nye Veier bygger billigare og raskare, og vi får difor meir veg for skattepengane!

Jon Georg Dale
2019-08-19 08:00:54

Transportøkonomisk institutt meiner dei har beregna verdien av ei skisse til ein avtale som dei ikkje har sett. NrK presenterer dette som forsking! Det er det naturligvis ikkje, det er i det beste fall spekulasjonar og synsing. Vi skal kutte bompengane i bygd og by, og vi skal kutte kostnader i prosjekta. I mellomtida kan vi jo drøyme om at forskingsinstitutt fortsett å forske framfor å synse.

Jon Georg Dale
2019-08-17 11:25:28

Men det stoppar ikkje «takstameter Jonas» Arbeiderpartiet insisterer fortsatt på å putte takstameter rett i bilen din. Betalinga frå bilistane kjem til å skyte i taket... Nei takk! Enig? Del gjerne!

Jon Georg Dale
2019-08-16 17:36:13

Av og til er det berre ein ting å seie: Amen!

Jon Georg Dale
2019-08-14 17:16:08

Endelig slapp Arbeiderpartiet katta ut av sekken! Også om staten vil betale meir, vil AP tviholde på høge bompengar. Den einaste måten å få gjort noko med bompengane på er dermed å få sendt AP på dør!

Jon Georg Dale
2019-08-13 21:46:27

Vi veit at Raymond Johansen frå Arbeiderpartiet er talsperson for å ha høgast mogleg bompengar i Oslo. Alternativet til at Fremskrittspartiet FrP får gjennomslag for bompengekutt i dei store byane no, er ikkje at FNB gjer det, men at ingen gjer det. Folk har nærast ikkje lenger råd til å køyre i dei store byane i Noreg. Vi kjempar for mindre bompengar!

Jon Georg Dale
2019-08-13 15:49:02

Endå godt! I eit land det flytilbudet er det einaste som minner om gode kollektivløysingar i distrikta er heile flyskamdebatten berre tåpelig!

Jon Georg Dale
2019-08-12 08:42:00

Eg er klar for Arendalsuka 2019! Her kan du sjå mitt program denne veka:

Jon Georg Dale
2019-08-10 14:24:12

Meget godt forslag frå Siv. I byområda veltar både kommunene og fylket alle kostnadane med vegnettet over på bilistane gjennom bompengar. FrP meiner vi skal pålegge dei ein eigenandel, då tippar eg lysta til massive bompengar reduserast raskt! Er du einig med Siv Jensen i dette?

Jon Georg Dale
2019-08-10 12:54:58

Fremskrittspartiet FrP er klare for valgkamp. Sjå vår valgkampopning frå Os her med mellom anna Siv Jensen og Terje Søviknes. Vi skal jobbe for ein enklare kvardag, og ein kommune med god eldreomsorg, utan eigedomsskatt og bompengar! Godt val 9. september!

Jon Georg Dale
2019-08-09 20:37:14

5 dagar, 8 fylke, meir enn 2500 km - ein fantastisk sommarturné er over. Eg har vore på synfaringar og bedriftsbesøk. Eg har køyrt bil, og tatt båt, tog og gondol. Uansett kvar eg er seier alle at vi treng gode transportløysingar så folk og varer kjem fram. Vi skal halde fram med å bygge landet og knytte bu- og arbeidsmarknadsregionar saman.

Jon Georg Dale
2019-08-08 20:02:31

Hæ? Skal vi på bryggeri?! 👍👍🍺 Baatbryggeriet

Laster...
Laster...