Beta
Søket ga 631 treff.
Jon Georg Dale
2019-11-18 21:57:17

Meir praksis i yrkesfaga er ei av dei viktige sakane for Fremskrittspartiet FrP når vi no gjer den største endringa i skolen sidan Kunnskapsløftet.

Jon Georg Dale
2019-11-14 21:58:43

Takka vere Fremskrittspartiet FrP og Siv Jensen er no bilavgiftene lågare enn nokon gong. Det beste for bilistane er at FrP har ei hand på rattet vidare!

Jon Georg Dale
2019-11-12 20:38:05

Det skal vere trygt å ferdast på vegane våre. Difor har vi innført fleire tiltak overfor transportbransjen dei siste åra. Talet på ulykker har gått ned!

Jon Georg Dale
2019-11-11 21:10:17

Arbeiderpartiet vil mellom anna ha auka bilavgifter og høgare formueskatt. Eg er einig med Sivert Bjørnstad i at det betyr ein dyrare kvardag for folk flest. Meiner du óg at skattar og avgifter må ned, ikkje opp? Lik og del! 👍

Jon Georg Dale
2019-11-04 07:18:37

Du lurar kanskje på noko om den fjerde jernbanepakka. Her kan du sjå nokre spørsmål og svar:

Jon Georg Dale
2019-10-31 20:48:30

Oljenæringa er ei viktig distriktsnæring som gjer at det kan bo folk i heile landet vårt. Einig med Siv Jensen?

Jon Georg Dale
2019-10-29 22:06:26

Det skal ikkje løne seg å jukse, og derfor vil vi innføre karantenetid for fusk ved førarprøva. Vi må kunne lite på at alle som får førarkort har den kompetansen dei treng for å ferdast trygt i trafikken.

Jon Georg Dale
2019-10-28 19:45:04

For mange studentar vert utdanna med kompetanse arbeidslivet ikkje treng. Roy Steffensen og Fremskrittspartiet FrP vil gjere det lønsamt for studiestader å møte etterspurnaden frå norske bedrifter. Studentar må utdanne seg til jobb, ikkje arbeidsløyse. Einig? 👍

Jon Georg Dale
2019-10-27 21:33:58

Vi skjerpar krava til tunge køyretøy - Farlege vogntog skal bort frå norske vintervegar! 🚛 Strengare krav til vinterdekk for tunge køyretøy 🚛 Noreg er først i verden med innføring av krav til nye dekk 🚛 20 mill. kr. meir til kontrollverksemda i Statens vegvesen slik at vi får fleire kontrollar i vinterperioden 🚛 Auka gebyrsatsar for brot på krava til vinterutrusting 🚛 Eitt gebyr per brot. Slik det har vore fram til no har ein til dømes berre fått eitt gebyr sjølv om ein manglar fem kjettingar, no vil ein få fem

Jon Georg Dale
2019-10-26 12:40:31

Sjå Siv Jensen tale til landsstyret no

Jon Georg Dale
2019-10-25 15:03:00

Fremskrittspartiet FrP har styrt samferdselsdepartementet sidan 2013. Det har så langt resultert i meir enn 50 endringar for å gjere kvardagen enklare for bilistane 👍🚙

Jon Georg Dale
2019-10-21 20:15:01

Spennande første dag i Singapore på teknologimesse. Her lærer vi korleis ulike land løyser transportutfordringar. Vi møter óg norske bedrifter, og har mellom anna besøkt havna kor Kongsberg Maritime leverer viktig teknologi. #maratimeinnovation #ITSSingapore

Jon Georg Dale
2019-10-15 22:18:40

Vi skjerpar krava til tunge køyretøy - Farlege vogntog skal bort frå norske vintervegar! 🚛 Strengare krav til vinterdekk for tunge køyretøy 🚛 Noreg er først i verden med innføring av krav til nye dekk 🚛 20 mill. kr. meir til kontrollverksemda i Statens vegvesen slik at vi får fleire kontrollar i vinterperioden 🚛 Auka gebyrsatsar for brot på krava til vinterutrusting 🚛 Eitt gebyr per brot. Slik det har vore fram til no har ein til dømes berre fått eitt gebyr sjølv om ein manglar fem kjettingar, no vil ein få fem

Jon Georg Dale
2019-10-14 22:21:27

Sidan Fremskrittspartiet FrP kom i regjering har vi sørga for ein markert reduksjon og omlegging av bilavgiftene. Også i neste års statsbudsjett skjermast bilistane frå stor avgiftsauke.

Jon Georg Dale
2019-10-12 09:31:46

Bilentusiastane har etterspurt det lenge, derfor foreslår vi no å gjere det mogleg å bruke bilskilt med amerikanske størrelse i Noreg. I tillegg er det foreslått at folk skal sleppe å møte opp på trafikkstasjonen for å hente bilskilt og bevise at bilen kan nytte små bilskilt. Å ha bil som hobby skal ikkje straffast, vi skal legge til rette for det! 👍🚙

Jon Georg Dale
2019-10-11 11:50:18

Ingrid Dahl Hovland blir ny vegdirektør. Ho er med dette første kvinne til å leie Statens vegvesen. Dahl Hovland har tung leiarerfaring frå fleire bransjer, og har gjennom dei fire siste åra levert gode resultat som direktør i Nye Veier. Eg ser fram til godt samarbeid i åra som kjem.

Jon Georg Dale
2019-10-09 21:12:03

Det er få eg har lært meir av, og ingen politikar eg beundrer meir. Eg er takknemleg for å jobbe for denne dama, først som statssekretær og no som statsråd. Gratulerer så mykje Siv Jensen som lengst sittande finansministeren sidan krigen!

Jon Georg Dale
2019-10-08 20:45:32

I dag har eg opna 12 km med ny effektiv og trafikksikker firefelts motorvei i Stange i Hedmark. Nye Veier viser nok ein gong at vi får meir igjen får pengane når vi bygger meir heilhetleg. Gratulerer med dagen til Innlandet, og alle dei som bruker E6! Nye Veier E6 Kolomoen - Øyer sør

Jon Georg Dale
2019-10-07 10:06:49

Samferdsel er igjen ein av vinnerane i statsbudsjettet. I 2020 løyver vi meir enn 75 milliardar kroner, noko som er ein auke på over 80 % sidan vi kom i regjering. Vi held fram med å bygge landet og satse på samferdsel. Vi bidreg til ein enklare kvardag for folk flest, ei styrking av næringslivets konkurransekraft og utvidar bu- og arbeidsregionar!

Jon Georg Dale
2019-10-07 08:56:18

Snart presenterer Siv Jensen statsbudsjettet for 2020. Kva for nokre av Fremskrittspartiet FrPs kjernesaker håpar du at vi har fått gjennomslag for i det nye budsjettet?

Laster...
Laster...