Person / Aktør:
SV - Sosialistisk Venstreparti
SV - Sosialistisk Venstreparti
Parti: SV

Innlegg:
Lurer du på om du skal røyste på SV og fyrstekandidaten Birgit Oline Kjerstad i Møre og Romsdal i stortingsvalet no i haust? No kan du bli kjend med den nye fyrstekandidaten og stille spørsmåla du lurer på! Partileiar Audun Lysbakken intervjuar Birigt Oline på Facebook live onsdag 24. februar klokka 19.30. Kva saker er det ho brenn for? Kva saker ynskjer du at ho skal løfte fram? Og kvifor gjekk ho til sak mot staten? Dei komande onsdagane får du sjansen til å bli betre kjend med alle fylkestoppane til SV gjennom vår koronasikre digitale valbod. Kandidatane blir intervjua av partileiinga, og kjem til å fortelje både om seg sjølv, hjartesakene og politiske førebilete, og ikkje minst: kven ville dei aller helst vore i karantene med!

Postet:
2021-02-24 19:30:49

Delt innhold:
Digital valgbod med Birgit Oline Kjerstad