Person / Aktør:
Sveinung Rotevatn
Sveinung Rotevatn
Parti: V

Innlegg:
I dag var eg med på fredninga av Narvikfjellene krigshistorisk landskap. Kampane her i 1940 involverte norske, franske, polske, britiske og tyske styrkar. I 62 dagar kjempa dei. Til saman 8500 måtte bøte med livet. Og Narvik vart gjenerobra. Dette var første gong nazi-Tyskland gjekk på eit nederlag under Den andre verdskrigen. Men på grunn av krigshandlingane på kontinentet måtte dei allierte likevel trekke seg tilbake. Det gjorde sterkt inntrykk å sjå fjellområdet der nokre av dei tøffaste kampane gjekk føre seg. Spora er framleis synlege, i form av skytestillingar, magasin, skifellar og krater. No blir desse kulturminnene sikra for ettertida. Hærens andre bataljon bidrog til ei verdig ramme rundt markeringa.

Postet:
2020-09-10 22:34:35