Person / Aktør:
Sveinung Rotevatn
Sveinung Rotevatn
Parti: V

Innlegg:
Den siste tida har mange meldt inn at dei finn daude ærfuglar langs kysten i Ytre Oslofjord. Det blir stilt spørsmål ved kva som er årsaka, og fleire er uroa over kva konsekvensar dette kan få for årets hekkesesong og for ærfuglbestanden meir generelt. I dag var eg saman med Statens Naturoppsyn (SNO) i Ytre Hvaler Nasjonalpark for å sjå på situasjonen. Vi fann fleire daude fugl, og SNO kan stadfeste at tala for i år er uvanleg høge. Vi har no flytta på pengar, slik at Miljødirektoratet kan prioritere situasjonen og kome til bunns i kva dette skuldast. Førebelse undersøkingar viser at fuglane er avmagra, noko som kan henge saman med at det står dårleg til med blåskjelbestanden i Oslofjorden (som er viktig mat for ærfuglen). I naturen har det eine ein tendens til å henge saman med det andre. Daude ærfuglar er berre eit symptom på eit større problem, nemleg at miljøtilstanden i Oslofjorden er langt frå god nok. Fleire artar slit alvorleg, slik som torsk, ålegras og hettemåke, og vasskvaliteten er for dårleg. Dette heng saman med utslepp frå jordbruk og industri, innvandring av framande artar som mink, overbeskatning av fiskebestandar og mange andre typar menneskleg påverknad - ikkje minst global oppvarming. Difor jobbar regjeringa med ein heilskapleg plan for Oslofjorden, der målet er å betre tilstanden i eit viktig økosystem for mange sårbare artar - og eit viktig friluftsområde for svært mange menneske. Takk til SNO for ein lærerik tur, og ikkje minst for eit solid arbeid med kartlegging av tilstanden i naturen vår generelt, og situasjonen for ærfuglen spesielt. De gjer eit imponerande stykke arbeid.

Postet:
2020-04-28 21:50:27