Person / Aktør:
Barne- og likestillingsdepartementet (Norge)
Barne- og likestillingsdepartementet (Norge)

Innlegg:
Seksuelle overgrep mot barn skjer ofte i det skjulte, anten heime eller i sosiale medier. Vi må snakke saman om kva seksuelle overgrep er. Mange barn klarer ikkje å setja ord på kva dei har opplevd og tør ikkje melde om kva som har hendt. I dag er det den europeiske dagen for vern av barn mot seksuelle overgrep og utnytting. Målet er at alle barn skal våge å seie i frå. I Barnekonvensjonen som fyller 30 år i år heiter det at alle barn skal vernast mot seksuelt misbruk. Ta kontakt med Alarmtelefonen for Barn og Unge – 116 111 dersom du eller nokon du kjenner treng hjelp.

Postet:
2019-11-18 19:00:36