Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Logistikkdag på Forus. Her skal transport i og til/frå Rogaland diskuteres. Spørsmålet er om det vert eit nikk og smil møte - eller om nokon i næringsliv eller media snart tek ei vareopptelling for Rogaland etter 6 år med Frp-styre. Rogfast: Her er alt i det blå. Prosjektet er satt på vent. Det einaste bilistane merker er at dei må betale bompengar på Boknafjorden. Bypakke Nord-Jæren: Her skjer det noko. Problemet er berre at det ikkje virkar som nokon veit heilt kva. Vert det lågare bompengar og kva skjer om ikkje trafikken går ned? E39 Smiene-Harestad: Prosjektet er flytta til Nye veier As. Betyr det nye bomstasjoner like ved dagens bomring? Truleg. E39 Ålgård - Hove: Her er alt klart til å starte opp. I staden valgte ein å flytte prosjektet over til Nye veier As. Framdrift er usikker og vil det komme nye bompenger like ved dagens bomring? Truleg. Jærbanen: Her skjer det lite. Unntatt at eit nytt selskap snart skal kjøre toga. E134 Haukeli: Her var det ikkje måte på kor mange løfter som er gitt om ny veg. Status no er at det er løyvd pengar til tryggleiksarbeid i dei eksisterande tunnelane. RV13 Her er det akutte prosjekt for å sikra mot ras som ikkje vert prioritert. Samstundes må entreprenørane i regionen permittere fordi Statens vegvesen stopper prosjekt på grunn av omorganisering. Statsråd Dale må gje regionen nokon svar. For no må det snart skje noko også i Rogaland. Driv eg berre å sutrar? I så fall kan de legge inn det som har skjedd i kommentarfeltet. Det er noko - men smått er det.

Postet:
2019-11-12 09:23:52