Person / Aktør:
Helse- og omsorgsdepartementet (Norge)
Helse- og omsorgsdepartementet (Norge)

Innlegg:
Helseminister Bent Høie er stolt mottakar av Rusreformprisen! Foreningen Tryggere Ruspolitikk delar årleg ut denne prisen til ein person som særskilt har utmerka seg i arbeidet med å reformere ruspolitikk. I grunngjevingar står det: "Årets prisvinnar har sida 2016 teke politisk eigarskap til den norske rusreforma og lukkast i å snu eige parti. Høie var sjølv skeptisk til avkriminalisering, men han har vist at han er modig nok til å skifte meining når han får presentert tydelege anbefalingar frå både fagfolk, brukarar og internasjonale ekspertar. På bakgrunn av dette annonserte han ei omlegging av den norske ruspolitikken, der den nye retninga vart oppsummert med parolen "hjelp, ikkje straff".

Postet:
2019-09-21 08:33:00

Delt innhold:
Bent Høie fekk gjev pris!