Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Starta dagen med debatt mot Venstre sin leiar Trine Skei Grande på politisk kvarter på NRK. (til mor: NRK P2 07.45) Eg representerte dei såkalla mørke kreftene i Europa i debatten. Trine Skei Grande lurer på korleis det norske valet ser ut utanfrå og trekk parallellar til framveksten av ytterleggåande parti i Europa. Det er synd at ikkje Venstre gler seg over eit stort engasjement i valkampen om lokale saker. Noko som ga stor vekst i valdeltakinga slik at den er den høgaste sidan 1991. Det meste med valet er heilt normalt: 1. Me har ei upopulær regjering. Alle regjeringspartia gjekk tilbake. 2. Bompengesaken har hatt stort fokus noko som gjorde at 60 av over 9000 kommunestyremedlemmar vil representere ei bomliste. Det tåler me nok godt. 3. Når det gjeld Sp så får Skei Grande vise til kven av dei 2266 kommunestyretepresentantane til Sp som er så farlege. Demokratiet vann dette valet - Trine Skei Grande tapte valet og no kjemper ho ein kamp for si eiga framtid som leiar i Venstre. Det må då vera mogleg å gjera det utan å stemple andre parti og deira veljarar.

Postet:
2019-09-13 10:39:40