Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Like før valet kom det ei «bompengeløysing» for Nord-Jæren. Rushtidsavgiften skal fjernes. Problemet er at bompengeløysinga er ein bløff som vil gje mange av innbyggarane i regionen rushtidsavgift døgnet rundt. Rushtidsavgifta blir fjerna. Det er fint. Problemet er at det gir mindre inntekter til å betale for prosjekta. For å løyse dette så tok dei to vegprosjekt på E39 (Hove-Ålgård og Smiene-Harestad) ut av bypakken. Nå skal Nye Veier AS bygge og skaffe finansiering til desse. Kva betyr det? I nasjonal transportplan er det lagt opp til at det skal være rundt 4 milliarder kroner i bompenger (+renter og innkreving) på desse prosjekta. Nye Veier AS bygger vei med bompenger. Kanskje kan dei spare inn nokon 100 millioner kroner i prosjektene sier samferdselsministeren. (Realiteten er å ta mindre hensyn til folk på Tasta og Figgjo enn det Statens Vegvesen gjer) I praksis betyr dette at det må komme ein ny bom på E39 sør for Sandnes og ein bom nord for Stavanger. Dette blir uten timesregel og truleg med innkreving i begge retninger. Realiteten er at mange i vår region (og særleg der dei ikkje har alternativ transport) kan få «rushtidsavgift» heile døgnet. Så kan ein sjølvsagt tru at Nye Veier/regjering/stortinget seier at sjølv om Nye Veier har bompenger på alle prosjekt og det er lagt opp til dette i nasjonal transportplan så skal det gjøres eit unntak for Stavanger. Det trur ikkje eg og det seier ikkje samferdselsministeren. Mitt alternativ er å raskest mulig få på plass gravemaskinene å begynne å bygge E39 fra Hove og sørover der reguleringsplanen er klar og pengene står på konto i bypakken. Den valde løysinga er klassisk FrP med eit såkalla «triks i ludo». Virker i debatt men gir høgare bompenger.

Postet:
2019-09-11 12:11:58