Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Kommentatorane i media er bitre og uroa no etter valet. Det gjekk ikkje som dei hadde ynskt i valet. Det er heilt klart for meg etter å ha høyrt på podkaster som «Giæver og gjengen», «Aftenpodden» og lese ei rekke «analyser» i ulike aviser. Eg kjem ikkje til å vera konkret på enkeltpersonar – men dei som vil forstå kva eg meiner kan høyre valoppsummeringa til VG sin podkast «Giæver og gjengen – ko ko valet». Det dei seier om valet er etter mitt syn heilt «ko-ko». For det fyrste er dei uroa for at dei to «styringspartia» Høgre og Ap går tilbake. Kven er det som har funnet ut at to parti skal ha ein spesiell stilling som styringsparti? Kva er då me andre? Parti som ikkje er eigna til å styra? Som ikkje forstår at det må vera samsvar mellom inntekter og utgifter? Eg vil minna kommentatorane om at pengeforbruket i staten Noreg har gått heilt av skaftet med ein statsminister frå «styringspartiet» Høgre. I VGs sin podkast vart det også sagt at: « -no vil Senterpartiet måtte forhalde seg til ordentlege budsjett og ikkje tullepengar. No skal den gjengen der ta ansvar i kommunane.» Ingen av de andre i podkasten, sjølv ikkje dei som skal ha «bygdekompetanse» fant nokon som helst grunn til å protestere på det utsegnet. Det som VG kaller «den gjengen der» er et parti som har vore i regjering i over 20 år. «Den gjengen der» de siste 4 årene har hatt rundt 100 ordførare i Norge. Dei kallar også Høgre og Ap for statsbærande parti. Kva er det for noko? Eg aner verkeleg ikkje. Og for min del er engasjementet for innbyggjarane viktigare enn engasjementet for staten. Det me treng er demokratibyggande parti og lister. Det er langt viktigare enn statsbærande parti. Når me i dette valet ser at valdeltakinga aukar markant for fyrste gong så kan det jo vera eit uttrykk for ein politisk debatt som engasjerer folk. Eg kan forstå at kommentatorane heller vil ha debatt mellom dei to «statsbærande» partia AP og Høgre om kven som har best skulepolitikk. I praksis er det ein debatt mellom to parti som stort sett meiner det same, men som diskuterer kven som har løyva mest pengar til det eine eller andre eller kven som foreslo noko fyrst. Det vart og snakka om polarisering. Eg meiner at dette uttrykket vert misbrukt og at og frisk debatt no får denne merkelappen. Det som er enda verre er når dei er så bekymra for at dette er eit protestval. Det er også heilt feil. Det store fleirtalet av stemmane har gått til dei etablerte partia. Ein heilt sentral del av demokratiet er at ein skal kunne la vera å stemma på parti som ein ikkje er samd med. Miljøpartiet de grønne gjer det godt fordi mange er opptekne av klima. Det er jo dette som er demokrati. Senterpartiet gjer det godt fordi mange er uroa over sentralisering og statleg overkøyring. Det er jo dette som er demokrati. Mange har fått nok av bompengar. Dei må betale for noko dei ikkje har nytte av. Mange av desse stemmer på bompengelista. Det er jo dette som er demokrati. Er det noko mindre verdifult å stemme på bompengepartiet for å få lavere bomsatser enn det er å stemme på Ap for å få gratis skulemat eller Høgre for å få lågare formuesskatt? Desse kommentatorane verkar på meg som om dei i alt for stor grad dannar seg eit bilete av samfunnet med å snakke med andre kommentatorar. Sanninga er at dei har alt for stor sjølvtillit og lite innsikt i kvardagen utanfor si eiga boble. Den politiske debatten i Norge lever i beste velgåande. Meir enn 50 000 kandidatar har no stilt til val. Rundt 10 % av dei er valde inn i eit kommunestyre. Eg er heilt trygg på at kvar einaste av dei vil gjera meir godt for samfunnet dei neste fire åra enn det Giæver og gjengen hans vil gjera.

Postet:
2019-09-11 15:02:29