Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Deler eit felles innlegg frå ordførarkandidatane på Jæren og meg: Når regjeringa svikter. På Jæren er me kjende for å skapa verdiar og inntekter til landet vårt. Gjennom generasjonar er ulike næringer bygde opp stein på stein. Senterpartiet vil leggja til rette for at det skal me og gjera i framtida. Til beste for oss sjølv og samfunnet. Regjeringspartia Frp, Høgre, KrF og V (med støtte frå MdG, Rødt og Sv) har no fått gjennom i Stortinget eit såkalla næringsforbod. Det har aldri før skjedd i Noreg. Det er no pelsdyrnæringa som vert forbudt. Det skal vera lov å selja og kjøpa pels, men den må berre ikkje vera produsert i Noreg. Pelsdyrforbodet handlar definitivt meir om velferda til regjeringspartia enn velferda til dyra. I vår la landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) fram sitt utkast til kompensasjon til dei som er råka av forbodet. Det var eit skammeleg dårleg tilbod. Dei andre regjeringspartia fekk rikka ho litt i rett retning under handsaminga i Stortinget. Realiteten er framleis at Regjeringa røvar millionverdiar frå hardtarbeidande bønder og deira familier. I tillegg til å knuse bedrifta «Rogaland pelsdyrforlag» i Sirevåg utan å gje så mykje som eit øre i erstatning. Enkeltbønder som har rekna på det ligg an til å få mange millionar i tap. Dette var sjølvsagt landbruksminister Bollestad (Krf) klar over då ho laga erstatningsordninga. Mange lokale politikarar i regjeringspartia har sett galskapen i det som skjer, men dei har ikkje greidd å nå inn til sine parti sentralt. Det er vondt å sjå at familier på Jæren vert kasta ut i eit økonomisk uføre for å sikra regjeringsmakta til Frp, H, KrF og V. Senterpartiet er og redd for at dei seinare kan finne på å gå laus på nye næringer anten det er oljenæringa, svinehald eller ei anna næring dei ikkje liker. Me i Senterpartiet vil så raskt som mogleg etter valet føreslå i Hå, Klepp og Time kommunestyrer at kommunane skal ta med seg representantar frå næringa og dra inn til Oslo for å kjempa vidare for ei skikkeleg erstatning til alle som er offer for dette meiningslause forbodet til regjeringa. Roar Lima - ordførarkandidat Klepp Sp Svein Høyland - ordførarkandidat Hå Sp Bjarne Undheim - ordførarkandidat Time Sp Geir Pollestad - stortingsrepresentant Sp

Postet:
2019-09-06 09:21:08