Person / Aktør:
Terje Breivik
Terje Breivik
Parti: V

Innlegg:
«En slags form for populist»? Er Trygve Slagvold Vedum "en slags form for populist", som Gahr Støre kallar han, og er Sp det suverent mest populistiske partiet i norsk politikk? Sp opna valkampen med å garantera små kommunar sjølvstende for å forsterka inntrykket av at Sp er eit distriktsparti. Kven er ikkje samde i at smått er godt, og at livskraftige distrikt er viktig og avgjerande for både livskvalitet og verdiskaping? Medvite brukar Sp det mest verknadsfulle trikset i marknadsføringspsykologien: Forsterk oppfatningar og fri til kjenslene hjå målgruppa. Lite, eller ingenting, snakkar dei om kva alternativ politikk og løysingar Sp har for å motverka dei sterke kreftene som dreg menneske, makt og arbeidsplassar til dei største byane. For Venstre er ikkje større kommunar eit mål i seg sjølv, men eit middel for å kunna styrkja kommunane: Flytta makt, ressursar og arbeidsplassar ut i landet på bekostning av staten. Alle som har prøvd å flytta statlege arbeidsplassar ut av Oslo veit at motkreftene, naturleg nok, er sterke. Og at eit av dei tyngste argumenta i mot nettopp er at kommunane er for små, har for små fagmiljø og for dårlege føresetnadar for å ta på seg større oppgåver. Sp av alle, som i 8 år sat i ei fleirtalsregjering og i realiteten administrerte ei storstilt sentralisering, burde vita det betre enn nokon. I staden protesterer og nærast latterleggjer dei kommunereforma, og takkar nei til vera med på å tilføra kommunane endå fleire oppgåver, ressursar og arbeidsplassar. Slik vert «sjølvstendegarantien» deira lite anna enn ein garanti for ytterlegare sentralisering og mange vonbrotne veljarar. Det andre tunge verktøyet for å motverka sentralisering, er gode kår for næringslivet og dei som ønskjer å skapa arbeidsplassar. Igjen frir Sp til kjensler og oppfatningar og hevdar at skilnaden på ein god og dårleg næringspolitikk for distrikta er meir midlar enn det regjeringspartia løyver til breiband og regionale utviklingsmidlar (pengar fylkeskommunen rår over). Ja, breiband er viktig, difor løyver me 200 millionar til det i år. Det er og viktigt å gjera fylkeskommunen i stand til å ta på seg større oppgåver, difor har me gjennomført regionreforma. Vel så viktig er det at Venstre og dei andre regjeringspartia har sett ned skatten på det me vil ha meir av, distriktsarbeidsplassar, i 10 – tals milliardklassen. Me har styrkja satsinga på forsking og teknologiutvikling i eksisterande industri med mange milliardar. Landbruksoppgjera og -politikken, der små og mellomstore bruk har blitt prioriterte, har ført til ny optimisme og ungdom som satsar i næringa. På toppen har me ei satsing på samferdsle utan sidestykke. At Venstre og dei andre regjeringspartia har ført ein politikk som gjer at det går svært godt i distriktsnæringslivet og har dempa tempoet i sentraliseringa, snakkar sjølvsagt ikkje Sp om. I staden gjer dei alt dei kan for å forsterka oppfatninga av at røynda er det motsette. Sp gjev og inntrykk av at dei er meir i mot bompengar enn kva Frp er og at dei er eit miljøparti. Dei direkte harselerer med Frp både med auke i bompengar og fordi Frp har vore med på ein marginal auke av vegbruksavgifta på diesel. Underforstått: Med Sp vert det både mindre bompengar og billegare drivstoff. I NRK si partileiarutspørjing fekk Slagsvold Vedum høve til å svara på og utdjupa dette. Om det er samsvar mellom retorikk og realitet, og om det er belegg for å bruka omgrepet populisme om partileiaren og partiet er det opp til sjåaren å døma. https://tv.nrk.no/serie/valg-2019/2019/NNFA81000119

Postet:
2019-08-27 13:18:39

Delt innhold:
NRK TV – Valg 2019