Person / Aktør:
Olje- og energidepartementet (Norge)
Olje- og energidepartementet (Norge)

Innlegg:
Ukas kraftverk: Oslandsbotn (Askvoll kommune) Kraftverket ligg i Stongfjordvassdraget og nyttar eit fall på 190 meter frå Botnastølsvatnet til Oslandsvatnet. Botnastølsvatnet vart fyrste gong regulert i 1908 som del av Stongfjordutbygginga, den gong med ein dobbel murdam med torvtetning. Dagens dam ved Botnastølsvatnet er 40 meter lang og er 6 meter på det høgste. I kraftstasjonen er det installert ein francisturbin på 2,9 megawatt (MW) og årleg middelproduksjon er 14 gigawattimar (GWh). Kraftverket vart sett i drift i 1984 og er eigd av Sogn og Fjordane Energi - SFE.

Postet:
2019-08-23 14:00:02

Delt innhold:
Bilete frå innlegget til Olje- og energidepartementet (Norge)