Person / Aktør:
Terje Breivik
Terje Breivik
Parti: V

Innlegg:
Valkampen og førehandsrøystinga er i gang. Kvifor bør du røysta Venstre? Venstre er det einaste sosialliberale partiet i Norge. Me tuftar all politikk på eit menneskesyn som tilseier at dei du viser tillit tek ansvar, for seg sjølv og andre. Difor vil flytting og spreiing av makt, ressursar og arbeidsplassar så nær den enkelte borgar og styrking av kommunane alltid vera viktig for Venstre. Toleranse, mangfald, internasjonal solidaritet, fellesskap og fridom er sentrale verdiar i sosialliberalismen. Skal fridomen vera reell for alle, må ein vera fri frå fattigdom, nød og ulikskap. Difor vil Venstre alltid hegna om tidleg innsats, ein sterk offentleg skule, likeverd og kamp mot fattigdom. Ser og høyrer du videoen får du ei 2,5 minuttar musikalsk utdjuping av kva Venstre står for.

Postet:
2019-08-17 07:53:28

Delt innhold:
Rause fellesskap