Person / Aktør:
Sveinung Rotevatn
Sveinung Rotevatn
Parti: V

Innlegg:
Når vi vedtek budsjett kvar haust, brukar regjeringa å prioritere å gi meir pengar til Enova. Det framstår nok litt kryptisk for mange. Kan ein ikkje bruke litt pengar på ordentleg klimapolitikk, liksom? Vel, Enova er i høgste grad ordentleg klimapolitikk. Dei er eit statsføretak som får pengar av oss i klima- og miljødepartementet, men avgjer sjølve kva prosjekt som er fornuftig å støtte. Å ha ei armlengdes avstand til oss lobby-utsatte politikarar er ofte ein god idé. Enova gir pengar til tusenvis av små og store klimaprosjekt. I dag fekk eg vere med på dåpen av eitt av dei, nemleg fiskebåten MS Støttfjord. Brødrene Bakken (reiarlaget) skulle kjøpe seg ny båt, og søkte Enova om ein slump med pengar så dei fekk råd til å strekke seg litt lenger. Søknaden gjekk i boks. No er båten klar. Og gjennom batteriteknologi og smart design, vil denne hybrid-fiskebåten ha heile 28 prosent lågare klimagassutslepp enn den elles ville hatt. Det hjelper godt på i det grøne skiftet! Båten er dessutan teikna og bygd i Noreg, nærare bestemt i Måløy, så arbeidsplassane og teknologiutviklinga står vi for sjølve. For kvart nye prosjekt lærer dei maritime klyngene våre meir. Det får ned prisen, og gjer det enklare for andre å ta grøne val. Gratulerer til Brødrene Bakken med eit flott nytt fartøy. Og skitt fiske!

Postet:
2019-03-02 16:22:08