Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Innlegget mitt fra trontaledebatten: Fisk er ein fantastisk ressurs. Fisken har enorm verdi for Noreg. Fisket gjev oss inntekter. Fisket sikrar oss busetjing og levande lokalsamfunn langs heile kysten, og det gjev moglegheit til å driva vidareforedling langs kysten. Fisk er rett og slett eit viktig bidrag for å skapa arbeidsplassar i Noreg. Å forvalta desse ressursane krev at me som politikarar har eit æveperspektiv på politikken. Regjeringa har varsla at ho vil leggja fram fleire store saker på fiskerifeltet. Senterpartiet fryktar at regjeringa vil ta fiskeripolitikken i feil retning. Det vil vera eit historisk feiltrinn om ein legg til rette for å sentralisera fiskeria og samla stadig meir av ressursane på færre hender. Senterpartiet meiner at ressursane i havet og langs kysten er fellesskapet sin eigedom og skal sikrast for framtidige generasjonar. Me må ha ei berekraftig forvalting, og ikkje minst må me sikra nasjonal kontroll over fisken. Fiskeriressursane i Noreg skal framleis vera eigde av det norske folk i fellesskap. Ein god fiskeripolitikk handlar ikkje om størst mogleg båtar, ein god fiskeripolitikk handlar om å ha nokre grunnleggjande prinsipp som ein byggjer politikken på. Ein fiskareigd flåte er viktig. Det er viktig at fiskarane har hand om fyrstehandsomsetninga av fisken, gjennom fiskesalslaga. Fiskeria skal bidra til levande lokalsamfunn langs heile kysten. Fiskerirettane skal ikkje privatiserast, og staten skal ikkje skattleggja næringa i hel. Verdiskapinga skal verta igjen langs kysten. Det har vore vanskeleg å sjå kva regjeringa vil med fiskeripolitikken. Per Sandberg var ein fiskeriminister utan retning. Me får håpa at den nye fiskeriministeren har kompass, for denne næringa treng ein klar kurs, og hovudpunkta frå Senterpartiet er tydelege. For det fyrste: Me må bremsa kapitalgaloppen som går føre seg i fiskerinæringa, sånn at det vert mogleg for ungdomar å koma inn i næringa. Derfor må me endra dagens system, og me må greia å endra det på ein måte som gjer at dei som har investert, ikkje vert skadelidande. For det andre: Ideen om grunnrenteskatt på fiskeri må vrakast. For det tredje: Selskap som har teke på seg forpliktingar for å sikra verdiskaping i Noreg, må overhalda desse. Viss ikkje, må det få konsekvensar. For det fjerde: Strukturkvotane er tidsavgrensa og skal framleis vera det. For det femte: Det er viktig for Senterpartiet å ha ein variert fiskeflåte. Det vil seia at det ikkje er noko stort behov for vidare strukturering av flåten. Senterpartiet vil bidra i Stortinget til å finna løysingar for ein langsiktig fiskeripolitikk, men å vera med på ein politikk med ytterlegare sentralisering er uaktuelt for oss. Det er mange i fiskerinæringa som er fortvila og bekymra for framtida, og det er forståeleg med den usikkerheita som har vore og er rundt fiskeripolitikken. Vår oppgåve er å landa dette og sikra ein langsiktig fiskeripolitikk som gjev spreidd eigarskap, og som gjer at ungdomar ser moglegheiter til å verta fiskarar. Ikkje minst vil Senterpartiet vera oppteke av at fisket og fiskebåtane skal vera på norske hender. Derfor må me skjerpa inn når det gjeld utlendingar si moglegheit til å eiga båt og driva fiske i Noreg. Det gjeld òg det tjuvfisket som er fordekt som turistfiske, som går føre seg i stor stil. Der må ein ha ein langt tøffare innsats for å få stoppa det. Fiskeri er ei moderne framtidsnæring. Noreg er ein fiskerinasjon. Då må me jobba for reine hav. Me skal ikkje driva olje- og gassverksemd i dei mest sårbare områda, som Lofoten og Vesterålen. Me må auka fangsten av kval og sel, sånn at me sikrar balansen i økosystemet. Senterpartiet ynskjer å vera ei tydeleg røyst i fiskeripolitikken. Han er ein sentral del av både næringspolitikken og distriktspolitikken. Då kan me ikkje la blårussen få lov til å bestemma retninga.

Postet:
2018-10-04 10:40:56