Beta
Søket ga 444 treff.
Hadia Tajik
2023-12-29 09:56:52

Takk for dansen til 2023. 💃🏻 Reint personleg vart det eit år med mykje læring og nye arena å tre inn på. Mest av alt er eg takksam for Kristian, Sofia, den utvida familien og nære venner. 🥰 Gjennom arbeidet i energi- og miljøkomiteen har eg kunne skrive ei bok om klima og økonomi, med forslag om nye politiske vegval. I justiskomiteen, som eg sit i no, får eg arbeide med eit felt som har store utfordringar i året som kjem - mellom anna fordi tryggleikssituasjonen i verda òg får innverknad på norsk sivil beredskap.\n\nDet er likevel utraderinga av sivilbefolkninga...

Hadia Tajik
2023-12-24 18:15:11

God jul - frå kokken og meg, som har familiejul på Hadeland der han vaks opp ❤️🎅🏻🎄

Hadia Tajik
2023-12-18 11:14:03

Flott førjulsgåve frå Kulturrådet: Alle folkebiblioteka i landet får inn boka mi «Drømmer for min datter - en bok om penger og planeten» som kom ut i haust. \n\nDei som vil gje boka i gåve til noko sjølv, kan kjøpe hos i bokhandelen som før 🥰

Hadia Tajik
2023-12-14 14:28:28

Eg skriv i Dagsavisen om:\n- høg oljepengebruk\n- vekst i utgiftar frå folketrygden\n- det sårbare oljefondet\nOg om kor naudsynt det er å diskutere større økonomiske samanhengar i den politiske debatten.\n\nLenke i kommentarfeltet.

Hadia Tajik
2023-12-11 15:58:14

Den grove, profittmotiverte kriminaliteten må verte stoppa. No vil Arbeiderpartiet og Senterpartiet gjere det lettare for politiet å inndra midler som kriminelle har skaffa seg på ulovleg vis.\n\nLes meir i lenka i kommentarfeltet.

Hadia Tajik
2023-11-27 13:12:16

I valgkampen lova Høyre i Oslo å bruke 75 mill kr på arbeidet mot ungdomskriminalitet. No har me fasit: 7,5 mill kr. Deler av pengane er i tillegg teke frå arbeidet mot sosial kontroll. \nTil samanlikning har løftet deira om å kutte i eigedomsskatten har ein fireårsplan, og utgjer det mangedobbelte av satsinga mot ungdomskriminalitet.\n\nLes meir i VG (lenke i kommentarfeltet)

Hadia Tajik
2023-11-10 12:10:49

Har snakka om tre sentrale justispolitiske tema:\n✔️ Den sivile beredskapen i ei ny tid\n✔️ Ungdoms- og gjengkriminalitet\n✔️ Vald i nære relasjonar og overgrep mot barn\n\nLenke til intervju i Dagbladet i kommentarfeltet.

Hadia Tajik
2023-11-09 09:08:42

Å snakke åpent og ærleg om korleis æreskultur kan skape og forsterke problemer - er òg viktig forebyggingsarbeid. Difor er det relevant å diskutere kvifor heile 86 prosent av kriminelle gjengangarar under 18 år i Oslo har innvandrarbakgrunn.\n\nLes meir i Aftenposten. Lenke i kommentarfeltet.

Hadia Tajik
2023-11-02 11:45:13

«Sosial rettferdighet må også gjelde på tvers av generasjonene. Vi har ikke krav på tilgang til større verdier, mer velferd og bruk av naturressursene enn dem som kommer etter oss.»\n\nLes gjerne meir i Dagsavisen i dag. Lenke i kommentarfeltet.

Hadia Tajik
2023-10-31 09:33:17

Sarah Gaulin er ei modig stemme frå Søndre Nordstrand i Oslo. Ho har snakka om æreskultur, gjengkultur og ungdomskriminalitet - og kan mykje om dette som dagleg leiar i organisasjonen LIM (Likestilling, Integrering, Mangfold). Me hadde eit kaffitreff i går. ☕️ Og i kveld skal eg i Debatten på NRK om same tema. Me sjåast.

Hadia Tajik
2023-10-30 21:52:15

Kjekt med boklansering på Kulturhuset i Oslo i kveld 🌹 Kristin Halvorsen, som har vore med og laga rapporten frå Klimautvalget 2050, styrte samtalen om boka, og Mathilde Tybring-Gjedde (H), Gaute Børstad Skjervø (AUF), og Adele Matheson Mestad (Norges Institusjon for Menneskerettigheter) delte sine perspektiv på klima og økonomi.\nDet må vere lov å håpe at programarbeidet i dei ulike politiske partia framover tek innover seg at me må gjere langt meir for å lukkast med klimaomstillinga, enn det me gjer i dag, og mykje handler om styringsendringar.

Hadia Tajik
2023-10-29 10:12:18

Sivilbefolkninga på Gaza lever, og døyr, i ei ekstrem krise no. Når tilgang til omverda er blokkert, er det få vitner til det som speler seg ut under Israelske angrep. Israel har varsla ei eskalering.\n\nDet fins reglar for krig - og for sjølvforsvar. Å drepe sivile er ikkje ein del av det. Å svare med uforholdsmessige angrep er heller ikkje ein del av det. \n\nMange av oss vart opprørt over Hamas sitt terrorangrep mot israelske sivile tidlegare i oktober. Med sitt svar på terroren skyv Israel no folk frå seg. Sivile på Gaza må få tilgang til mat, vatn, medisinar...

Hadia Tajik
2023-10-25 21:03:52
Hadia Tajik
2023-10-24 08:32:23

Det er opprørande å lese korleis lokalpolitikar for Arbeiderpartiet, Sarah Gaulin, har opplevd det å stå i viktige debattar. Når det har gjort at ho vil flytte frå bydelen sin, så er det eit fareteikn me må ta på alvor. Ho er ei modig stemme som norsk offentleg debatt treng.\n\nGjennom dei siste åra har Arbeiderpartiet lokalt og nasjonalt arbeida for å forebygge og kjempe mot kriminalitet og æreskultur, men historiar som Gaulin sin viser at det fortsatt er ein lang veg å gå. \n\nSom justispolitisk talsperson er det viktig for meg at folk føler seg trygge til å delta i...

Hadia Tajik
2023-10-20 17:28:34

I dag vart eg vald til justispolitisk talsperson for Arbeiderpartiet. Det er eit felt eg kjenner godt og er glad i. Særleg arbeidet med nasjonal beredskap, vald i nære relasjonar og grunnleggjande rettsprinsippar som er med på å gjere landet vårt tryggare og meir rettferdig. Eg ser fram til samarbeidet i justiskomiteen på Stortinget, og med justisministaren.\n\nMen fyrst: God helg 🌹

Hadia Tajik
2023-10-18 10:06:15

I neste veke kjem boka mi om klima og økonomi: «Drømmer for min datter». Her kan du lese første kapittel: Om det grønne huset i Bjørheimsbygd som ein spansk familie kjøpte i fjor for å komme seg vekk frå hetebølgene i Madrid om sommaren.\n\nHar du lyst å bestille ei signert bok? Klikk på lenka i kommentarfeltet ✍️

Hadia Tajik
2023-10-17 12:27:27

Interessant å sjå at Ekspertutvalget om barn i fattige familiar i dag foreslår for regjeringa at barnetrygden bør aukast og vere ein del av berekningsgrunnlaget for inntektsskatten. Eg foreslo det same i november i fjor, og meiner sterkt at tida er overmoden for dette, både for at familiane skal få betre råd - men også fordi det sikrer berekraft i statsbudsjettet for dei neste generasjonane (ved at me ikkje berre auker utgiftssida utan å ha planar for kor pengane skal kome frå). No skal ekspertutvalgets forslag på høring - så får me sjå kor det politiske fleirtalet ligg seinare. Eg...

Hadia Tajik
2023-10-13 11:22:35

Israels blokade av og angrep mot palestinske sivile på Gaza skaper naud, kaos og død. Å ikkje gje folk tilgang til mat, vann, drivstoff, medisinar og medisinsk utstyr er inhumant. Etter terrorangrepet frå Hamas sa den israelske forsvarsministaren at «reglene for krig har endra seg». Men nei, folkeretten er den same. Dei grunnleggjande moralske prinsippa som ligg til grunn for den finstemte jussen i samband med slike kriser er støtt dei same. Det er totalt uakseptabelt å straffe sivile og uskuldige for eit terrorangrep som andre er ansvarlege for. Eg er svært uroa over at israelske myndigheiter ser ut til...

Hadia Tajik
2023-10-11 15:35:13

I slutten av oktober kjem boka mi «Drømmer for min datter» som eg har jobba med på fritida det siste året. I boka kan du bli kjent med ein spansk familie som har kjøpt hus i Bjørheimsbygd i Rogaland, fordi Madrid har blitt for varmt om sommaren. Du kan lese om spansk fagrørsle og kampane dei har stått i for arbeidsfolk som har risikert liv og helse under hetebølger. Og du kan lese om ansvaret me har for å forvalte det me har til det beste for generasjonane som kjem etter oss.\n\nBoka viser kor tett samanvevd økonomi og økologi er,...

Hadia Tajik
2023-10-11 15:32:06
Hadia Tajik
Laster...
Laster...