Beta
Søket ga 631 treff.
Jon Georg Dale
2021-07-12 17:02:46

Forsøk på manuelt arbeid i godværet! Graset er vendt på gnr: 129/3. No ventar det eg er best på i ferien: kvile 🤠😎

Jon Georg Dale
2021-07-11 20:47:18

Eit strålande meisterskap er snart ved vegs ende! Det er berre ein ting å seie: Come on England! 🦁🦁🦁🏴󠁧󠁢󠁥󠁮󠁧󠁿🏴󠁧󠁢󠁥󠁮󠁧󠁿🏴󠁧󠁢󠁥󠁮󠁧󠁿

Jon Georg Dale
2021-07-01 14:36:26

Norges kulaste badehandduk har sesongdebut i dag. Ferie er ikkje så verst når berre utstyret er i orden! Ha ein strålande dag 😎🌞

Jon Georg Dale
2021-06-18 15:58:28

I dag har eg min siste dag i Stortinget etter å ha hatt ulike verv og roller i dette huset i snart 12 år. Sjølv om mitt siste innlegg vart fylt av meir kjensler enn eg eigentleg likar å vise, vil eg med dette innlegget også sende ei takk til alle som har fulgt meg, og heia på meg inne på denne facebooksida. Det har betydd mykje. Den viktigaste takka sender eg likevel til alle dykk som har gitt meg det mest dyrebare vi har, nemleg vår stemme ved val. Eg håper du vil høyre dette innlegget som eg brukte...

Jon Georg Dale
2021-06-11 12:18:07

I dag fekk eg æra av å være settepresident i Stortinget og dermed leie møtet under fleire debattar frå Finanskomiteen. Det er med ei viss andakt ein sit der å ser utover Stortingssalen. Når sola ikkje står sterkt på rutene ser ein også heilt opp til slottet, der ein sit under maleriet frå samlinga på Eidsvoll. Neste veke er mi siste som representant i Stortinget. Dette kjem til å være eit viktig minne å sjå tilbake på. Ha ei fin helg!

Jon Georg Dale
2021-05-17 09:48:25

Hjarteleg til lukke med dagen! 🇳🇴🇳🇴🇳🇴 Det vert ei litt alternativ 17. Mai feiring også i år. Då er det fint å sjå tilbake på eit av mine beste 17. Mai minner. Det var dagen då is var bytta ut med Fish & Chips( naturlegvis fisk frå Sunnmøre) og fleire tusen nordmenn samla seg til feiring i London. Veldig moro å få halde talen i Southwark Park og få bidra i Gudstenesta i Sjømannskirka. Måtte normaliteten kome tilbake snart. Ha ei fin feiring🥳🇳🇴

Jon Georg Dale
2021-05-08 09:37:24

I Mai 2006 var eg på landsmøte der Siv vart valgt til leiar i FrP. Eg huskar at eg sat som ein lydig- entusiastisk type og reflekterte over at dette var ei dame som kunne få til store ting. I dag, 15 år seinare skal eg være dirigent på landsmøte som Siv takkast av på. Det er ei rar og vemodig kjensle. Siv tok FrP frå å være eit evig opposisjonsparti, til eit FrP som gav velgarane valuta for stemmene gjennom store politiske gjennomslag. Siv tok FrP fra å ha rett, til å få rett. Siv hat tatt mange støytar,...

Jon Georg Dale
2021-03-11 11:29:00

Einig med Terje Halleland! At regjeringa ikkje tek CO2-opptak frå norsk skog inn i klimaregnestykket kan få alvorlege konsekvensar for norsk økonomi og for norske skattebetalarar. Vi treng styrka konkurransekraft for norske arbeidsplassar, ikkje en politikk for utflagging!

Jon Georg Dale
2021-03-10 10:20:49

Norge treng fortsatt satsing på olje og gass. Vi treng derimot ikkje elektrifisering av sokkelen som berre aukar straumprisen for folk flest, industrien på land, og har udokumentert klimaeffekt!

Jon Georg Dale
2021-03-05 18:15:22

God nyheit på ein fredag! Trygve Slagsvold Vedum svarte aldri på mine spørsmål om kvifor Senterpartiet nekta å telle med skogen, men no snur dei heldigvis. Det måtte berre ein ekspert frå Universitetet i Oslo som sa det same som FrP til for å få dei på betre tankar. Godt er det uansett at fleire kjem etter FrP, all ære til folk som lærer av sine feil. No har vi fått eit parti til å snu, kan vi klare eit til? Hjelp oss å få skogen inn i klimaregnskapet, lik og del for å spre budskapet! #tellmedskogen 🌲🌲🌲

Jon Georg Dale
2021-03-05 08:46:35

Om ein går berre i ring så er det fort gjort å miste oversikta over kvar ein er. Det ser ut som om det er det som skjer med både Arbeiderpartiet, Senterpartiet og regjeringspartia om dagen. Naturligvis kan vi telle med skog i klimaarbeidet, det einaste som trengs er å fjerne skylappane. Del gjerne så vi får ut fakta om 🌲🌲🌲

Jon Georg Dale
2021-03-03 10:38:49

Stortingsrepresentant Roy Steffensen skriv godt om elektrifisering av sokkelen. La oss heller bruke tid og pengar på å styrke norsk industri, framfor å gi dei auka straumregning.

Jon Georg Dale
2021-03-01 18:52:25

Kvifor elektrifisere norsk sokkel når: - Vi ikkje kan dokumentere effekt på globale utslepp? - Vi veit det vil gi høgare straumpris for folk og fastlandsindustri? - Vi veit det er svindyrt? - Vi veit at det vil kreve tusenvis av nye vindmøller? - Vi heller kan bruke billige klimatiltak som eksempelvis skogplanting? Alt dette forsøkte eg å få svar på i ein spørretime i november i fjor. Kva synes du om forklaringa eg fekk?

Jon Georg Dale
2021-03-01 08:46:34

Kan nokon hjelpe meg å forstå? - Venstre skryt av at dei forbyr nydyrking av myr, fordi CO2 vert bunden i jorda. - Venstre vil derimot ikkje telle med skogen som bind 10 gongar så mykje CO2. Er det slik at all fagleg tilnærming er lagt til side, og krav til konsistent argumentasjon ikkje gjeld i klimapolitikken? Dette forstår eg rett å slett ikkje. Gjer du?

Jon Georg Dale
2021-02-28 10:07:47

Her treff Terje Halleland blink. Regjeringa si avgjerd om å ikkje bokføre karbonbinding i skogen kan gi auka kostnader og tap av arbeidsplassar. Regjeringa må snu. Einig med FrP om 🌲🌲, så del gjerne.

Jon Georg Dale
2021-02-27 09:16:37

Rotevatn i Venstre hyller naturligvis at Senterpartiet no kjem krypande etter regjeringa. No vil ikkje SP at Norge skal hente ut gevinsten frå våre skogar i klimapolitikken. Ein skulle tru det var nokon i SP som huska fotosyntesen frå dei gamle skuletimane med O-fag, men det ser dessverre ikkje slik ut. Visste du at Skogen er eit fornuftig og billig klimatiltak? Nyplanting kostar eksempelvis 50kr pr. tonn CO2 det bind, medan elektrifisering av sokkelen(som blant andre SP støttar) koster opp mot 8000 kr. pr. tonn. Med slike regneferdigheiter er det ikkje sikkert det berre var timane med O-fag senterpartifolka ikkje...

Jon Georg Dale
2021-02-26 08:58:52

Såg du Debatten i går kveld? Der kom 3 ting klart fram: - Elektrifisering av sokkelen har ingen dokumentert klimaeffekt - Elektrifisering av sokkelen vil gi høgare straumpris for folk flest og for industrien på land. - Elektrifisering av sokkelen vil koste 50 milliardar kroner, og vil medføre ei vanvittig sløsing med dine skattepengar!

Jon Georg Dale
2021-02-22 08:26:31

Vi kan og bør bruke skogen for å nå Norges klimaforplikting. Gjer vi det slepp vi 2000kr i avgift på norske industriarbeidsplassar, forbud mot fossilbil og bilfrie soner i byane. Nok ein gong seier Venstre nei, tiltross for at dei erkjenner at vi kan gjere det slik FrP foreslår. Kva er det viktigaste for Venstre? Plage folk eller få ned utsleppa? FrPs klimapolitikk er ein politikk for å få ned utslepp ved å skape arbeidsplassar i Norge, ikkje flagge ut dei arbeidsplassane vi har. Lik og del om du er einig med oss. 🌲🌲

Jon Georg Dale
2021-02-18 17:46:44

Få har eg lært meir av, få har imponert meg meir. Når Siv no varsler at ho går av har eg berre ein ting å seie. Tusen takk for all tillit eg har fått av deg i ulike samanhengar, og tusen takk for dine utallige bidrag for parti, land og folk. Du gav FrPs velgarar valuta for pengane ved å gi FrP reell innflytelse i norsk politikk. Det vil alltid stå igjen etter deg. Tusen takk!

Jon Georg Dale
2021-02-17 15:46:36

Regjeringa har ikkje ville høyre etter når eg har sagt dette gjennom det siste året, men eg vonar det kanskje fungerer betre når no direktøren i NVE seier akkurat det same som FrP har sagt lenge. Trur du det er håp om at dette kan gjere inntrykk på regjeringa og Arbeiderpartiet, eller trur du dei vil ture på som før?

Laster...
Laster...