Beta
Søket ga 162 treff.
Terje Breivik
2020-01-31 11:59:19

I dag feirar om lag halvparten av britane at dei etter mykje om og men meldar seg ut av EU, medan den andre halvparten sørgjer. For alle oss som er overtydde om at me treng meir internasjonalt samarbeid for å løysa dei store globale utfordringane me står overfor, er det ein trist dag til ettertankje. Verda opplever ei klimakrise me aldri har sett maken til, me opplever at den globale migrasjonen veks, og ny teknologi bringar verda og næringslivet tettare saman over landegrensene. For å skapa vekst og velferd i fleire land, for å løysa klimakrisa, for å sikre alle...

Terje Breivik
2020-01-31 07:52:43

I går var det regjeringserklæringsdebatt i Stortinget i samband med at landet har fått ei ny, blågrøn regjering samansett av Venstre, Høgre og Krf. I hovudinnlegget mitt som parlamentarisk leiar nytta eg høvet til å yttrykkja stor glede over at Venstre «no har styrkja laget med å få min gode kollega Ola Elvestuen tilbake til maktas høgborg; Stortinget. Kapasiteten og kompentansen han representerar, ikkje minst som ein av dei fremste politikarane me har på miljø - og klimaområdet, world wide, borgar for at Venstre tek ein endå tydelegare rolle i å akselera det høgst nødvendige grøne skiftet». Og sjølv om...

Terje Breivik
2019-12-19 19:44:06

Ein ny æra for norsk ruspolitikk: https://www.venstre.no/artikkel/2019/12/19/rusreformen-en-ny-aera-for-norsk-ruspolitikk/?fbclid=IwAR1IiQ0kzb8JjEEqE6TIED3sW7egofkmcsz8qgQISwOuUisNCbmrGMS-74A

Terje Breivik
2019-11-21 17:28:16

I dag skipar Venstre, med næringspolitisk talsmann André N. Skjelstad i spissen, fiskeripolitisk seminar i Tromsø. Tema er Stortingsmelding 32 (2018 -19), Kvotemeldinga. Eit breitt spekter av representantar frå næringa, både til havs og lands, er mellom innleiarane.

Terje Breivik
2019-11-21 12:13:19

Det er ikkje berre ein stor klimarisiko knytt til Norsk olje- og gassavhengigheit, men og ein monaleg finansiell risiko: https://www.nrk.no/norge/eu-bank-struper-den-norske-gassen-som-skulle-redde-europa-1.14787247

Terje Breivik
2019-11-20 11:27:37

I dag feirar barnekonvensjonen til FN 30 år. Eg har valt meg ut §12 som «min» paragraf.

Terje Breivik
2019-11-13 08:06:49

Kloke, balanserte svar og grunngjevingar frå min gode kollega Grunde på Tinget: https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/50ewzb/venstre-politiker-vil-ha-homoterapi-forbud-faar-melding-fra-folk-som-ber-for-meg?utm_source=vgfront&utm_content=row-34

Terje Breivik
2019-11-12 17:24:05

Gratulerar til Ekstremsportveko! Jobben de gjer, saman med alle dei frivillege og lokalsamfunnet på Voss gjorde jobben for regjeringspartia Venstre, Fremskrittspartiet FrP, KrF Kristelig Folkeparti og Høyre, i godt samarbeid med regjeringa langt lettare. #vektløsogfri

Terje Breivik
2019-11-09 19:17:35

På samling for Vestland Venstre i verdas vakraste by Bergen. «Politisk aperitif» ved Abid Q. Raja før middag og sosialt samvære.

Terje Breivik
2019-11-09 17:45:56

Flott Venstre gjeng frå Trøndelag på samling i Trondheim.

Terje Breivik
2019-11-06 10:14:54

Meir, ikkje mindre, internasjonal handel og samarbeid er svaret om fleire skal få fridom til å realisera det gode liv for seg og sine, skriv eg om i Bergens Tidende i dag: https://www.bt.no/btmeninger/debatt/i/3JeRQd/meir-internasjonal-handel-takk

Terje Breivik
2019-11-05 18:39:03

I dag er det berre ein ting for oss stortingspolitikarar å gjera: Å orsaka på det sterkaste til alle som er utsette for NAV - skandalen, og gjera det me kan for at dei får oppreising og erstatning snarast råd. At nokon, som Senterpartipolitikar Geir Pollestad vel å retta skytsen mot dei som er utsette for skandalen, og mistenkjeleggjera dei ei gong til synst eg er direkte leit. Han meiner offera for Nav-skandalen ikkje er «moralsk uskuldige». For Venstre er det opplagt at me må ha eit velferdssystem basert på tillit, ikkje mistenkjeleggjering. I denne saka er ikkje problemet at...

Terje Breivik
2019-11-01 13:15:48

Navet i velferdssamfunnet, NAV, har systematisk og omfattande sveket folk dei er til for å hjelpa. I ein slik situasjon har me politikarar ei oppgåve; beklaga på det sterkaste og gjera kva me kan for at dei får oppreising og erstatning så fort som råd er. Å gjera forsøk på å slå politisk mynt på skandalen er direkte respektlaust ovanfor alle dei som uskuldig er råka, målber eg på vegne av Venstre til NRK. https://www.nrk.no/norge/venstre_-_-respektlaust-mot-dei-som-er-raka-av-trygdeskandalen-1.14765330

Terje Breivik
2019-10-25 17:04:34

I desse «partileiingsfornyingstider» droppar Terje Breivik Band ny politisk rockelåt: https://open.spotify.com/track/16HtWh7Uae8k9pFCuHu3ps?si=0LD6uhmgTeWkypP8OxU3xg Låta er ei gåve og hyllest av Trine Skei Grande frå alle oss i Venstre sentralt og Oslo Venstre på åremålsdagen hennar. Lytt, lik og del 🤘🏻

Terje Breivik
2019-10-17 10:50:10

Ureturnerbare asylsøkjarar må få tilgang til ordinært og lovleg arbeid. Me kan ikkje tillata at menneske i årevis vert sette på sidelina og ikkje får lov til å delta i samfunnet. Dei må få høve til å leva frie, sjølvstendige liv så lenge dei er i landet. Solveig Schytz og eg skriv om dette i Dagsavisen i dag.

Terje Breivik
2019-10-13 09:43:57

Arbeidslivskriminalitet og sosial dumping er eit felleseuropeisk problem. Det same er løysingane. https://www.dagbladet.no/nyheter/venstre-skryt-av-jonas-hadia-og-espen/71701589

Terje Breivik
2019-09-04 19:46:54

Så lenge det er barn som veks opp i fattigdom vil Venstre gjera alt me kan for å bekjempa fattigdomen.

Terje Breivik
2019-08-31 07:32:58

Gratulerar til Nysnø Klimainvesteringer! Eit viktig verktøy for å bidra til industrialisering og kommersialisering av grøne løysingar og teknologi.

Terje Breivik
2019-08-30 12:37:20
Venstre

Vi støtter klimastreikerne🌡🌍 Gjør du?

Terje Breivik
2019-08-27 13:18:39

«En slags form for populist»? Er Trygve Slagvold Vedum "en slags form for populist", som Gahr Støre kallar han, og er Sp det suverent mest populistiske partiet i norsk politikk? Sp opna valkampen med å garantera små kommunar sjølvstende for å forsterka inntrykket av at Sp er eit distriktsparti. Kven er ikkje samde i at smått er godt, og at livskraftige distrikt er viktig og avgjerande for både livskvalitet og verdiskaping? Medvite brukar Sp det mest verknadsfulle trikset i marknadsføringspsykologien: Forsterk oppfatningar og fri til kjenslene hjå målgruppa. Lite, eller ingenting, snakkar dei om kva alternativ politikk og løysingar Sp...

Laster...
Laster...